Du har tilgang til denne menyen via
eit klikk på knappen
i knapperada i vindauget for verktøyforvala.Dialog.ved å dobbeltklikka på eit forvalsikon i dialogvindauget for verktøyforvala.
høgreklikka på eit forval i vindauget for verktøyforvala for å opna ein sprettoppmeny og deretter klikka på Rediger verktøyforvalet.
eit klikk på knappen Lagra verktøyforvala … i dialogvindauget for Verktøyinnstillingane.
Du kan redigera berre dei forvala du har laga sjølv, ikkje dei som er installerte saman med programmet. Når du lagrar eit forval, vert det lagra i den første mappa som kan skrivast til i Tool Presets i Mappepreferansar.
I dette dialogvindauget kan du:
redigere namnet på forvalet i tekstboksen,
endre ikon for forvalet ved å trykke på ikonet for forvalet. Dette vil opne eit vindauge der du kan velje ikon.
velje kva eigenskapar som skal lagrast ved å klikke i avmerkingsboksane.
Nedst i dialogvindauget har desse funksjonane:
Lagra innstillingane for det gjeldande verktøyforvalet.
Tilbakestill om du angrar endringane.
Vindauget for å redigera verktøyforvala har ein sprettoppmeny som du opnar ved å trykkja fanemenyknappen og deretter velja . Utanom to element som gjer det same som lagre- og gjenopprett-knappane nemnde ovanfor, har denne berre eitt val.