3.6. Palettdialogvindauget

Ein palett er i GIMP ei samling fargar i tilfeldig orden. Du finn meir om dette, og om korleis du kan lage eigne palettar, i Del 12, «Palettar».

Palettdialogvindauget vert stort sett brukt for å velja kva for palett som skal vera den aktive, men du kan også bruka han for å laga dine eigne palettar. Nokre titals, nokså tilfeldig utvalde, palettar vert leverte saman med GIMP.

[Notat] Notat

Det er lett å forveksla palettdialogevindauget med Fargekart for indekserte fargar som er ein tabell med ei avgrensa mengd fargar brukte i indekserte bilete.

3.6.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

Du har tilgang til det:

  • frå hovudmenyen via VindaugeDialogvindaugePalettar,

  • frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikka på fana og velja Legg til fanePalettar.

3.6.2. Å bruka dialogvindauget

Du bestemmer kva for palett som skal vera den aktive ved å klikka på han i dialogvindauget. Samstundes kjem også paletthandsamaren opp slik at du mellom anna kan velja forgrunns- og bakgrunnsfarge ved å klikka på fargane i paletten. Du kan også bruka piltastane for å velja ein palett.

Dersom du dobbeltklikkar på namnet til ein palett kan du gi han eit nytt namn dersom dette er ein palett du har laga eller installert sjølv. Det er ikkje råd å gjera forandringar i dei førehandsinstallerte palettane. Dette er vanleg i GIMP. Du får heller ikkje lov til å gjera endringar i penslar, mønsterelement osv. som kjem ferdiginstallerte, berre i dei du lager eller installerer sjølv.

Rutenett/Liste-modus

Figur 15.48. Palettdialogvindauget

Palettdialogvindauget

Tabell-vising

Palettdialogvindauget

Liste-vising


Frå fanemenyen kan du velja om palettane skal visast som tabell eller på listeform. Vel du Vis som tabell, får du opp ei liste med bilete av alle palettane. Sidan du kan sjå mange palettar samstundes, er det nokså enkelt å velje ut den du ønskjer. Dersom du vel å lista opp på listeform, kjem palettane opp pent og pynteleg under kvarandre med ein miniatyr av paletten og namnet hans.

Du kan tilpassa storleiken på fargecellene med valet Storleik på førehandsvisinga.

Tagging

Du kan bruka taggar for å reorganisera visinga av palettane. Sjå Del 3.7, «Tagging».

Knappane i palettdialogvindauget

Under palettvisinga, nedst i dialogvindauget, er det fleire knappar:

Rediger denne paletten

Denne knappen opnar Del 3.6.4, «Paletthandsamaren».

Opprett ein ny palett

Sjå meir om denne knappen på Ny palett.

Dupliser denne paletten

Sjå meir om denne knappen på Kopier palett.

Slett denne paletten

Sjå meir om denne knappen på Slett palett.

Oppdater palettane

Sjå meir om denne knappen på Oppdater palettane.

3.6.3. Sprettoppmenyen for «Palettar»

Figur 15.49. Sprettoppmenyen for «Palettar»

Sprettoppmenyen for «Palettar»

Sprettoppmenyen for «Palettar» vert opna ved å høgreklikka i palettdialogvindauget eller frå fanemenyen ( ).

[Notat] Notat

Nokre av dei utlista menyoppføringane er avhengige av at versjon 3 av Python-tolkaren er installert i GIMP 3.0. Når dette vert skrive gjeld dette Forskyv paletten…, Palett til fargeovergang, Palett til repeterande fargeovergang og Sorter paletten….

Redigere paletten…

«Rediger paletten» er ein annan måte å opna Paletthandsamaren på. Du kan også opna vindauget ved å dobbeltklikka på ein palett i palettdialogvindauget eller ved å trykkja på knappen Rediger palett nedst i dialogvindauget.

Ny palett

«Ny palett» opprettar ein ny palett, utan namn og utan fargeinnslag. Samstundes vert paletthandsamaren opna slik at du kan leggja til fargar. Den nye paletten vert automatisk lagra i den private palettes-mappa di når du avsluttar GIMP og vert henta inn i palettsamlinga di neste gong du startar GIMP.

Importer palett…

Figur 15.50. Dialogvindauget for import av palettar

Dialogvindauget for import av palettar

Med kommandoen «Importer palett» kan du laga ein ny palett med fargane frå ein fargeovergang eller eit bilete. Dialogvindauget som kjem fram, har desse oppføringane:

Vel kjelde

Du kan importere paletten frå anten ein av GIMP sine fargeovergangar ved å velja frå den tilhøyrande menyen, eller frå kva ope bilete som helst, også her ved å velja frå den tilhøyrande meyen.

To eigenskapar for bilete som kjelde. Desse er berre tilgjengelege for RGB-bilete:

  • Flett synlege: Dette valet gjer at fargane vert henta frå alle synlege laga i biletet. Elles vert fargane henta frå det aktive laget, sjølv om det ikkje skulle vere synleg.

  • Bare markerte pikslar: Pikslane vert henta frå det valde laget eller alle synlege lag, avhengig av innstillinga i det førre valet.

Du kan også importera paletter i GIMP sitt eige format .gpl eller dei følgjande palettformata.

  • Microsoft RIFF-palett (.riff)

  • Cascading Style Sheets palett (.css)

  • SwatchBooker palett (.sbz)

  • Adobe Color palett (.aco)

  • Adobe Color Book (.acb)

  • Adobe Swatch Exchange palett (.ase)

  • Photoshop binære fargepalett (.act)

  • Paint Shop Pro fargepalett (.psp)

Namn på paletten

GIMP legg inn namnet på kjelda, men dette kan du berre skrive over. Dersom du vel eit namn som finst frå før, vil det få eit tal, f. eks. «#1» i tillegg.

Talet på fargar

Normalinnstillinga er sett til 256 av fleire grunnar. Først fordi kvar fargeovergang inneheld 256 ulike fargar. Deretter fordi GIF-filer ikkje kan innehalda meir enn 256 fargar, og endeleg fordi indekserte bilete i GIMP ikkje kan innehalda meir enn 256 ulike fargar. (I den digitale verda er 256 eit greitt og rundt tal). Du kan likevel bruka så mange fargar du ønskjer. Når du skriv inn eit tal her, vil GIMP prøva å fordela dei tilgjengelege fargane jamt utover paletten.

Kolonner

Her bestemmer du kor mange kolonner paletten skal setjast opp med. Dette verkar berre inn på korleis paletten vert vist, og har ingen innverknad på bruken av paletten.

Intervall

Sjølv om talet på fargar er sett til maksimum, kan paletten likevel ikkje innehalda meir enn 10 000 fargar. Eit RGB-bilete kan innehalda mange fleire fargar enn dette. Valet Intervall er meint å redusera fargane til under 10 000 ved å samla fargar som er nokså like i ein farge. Sidan dette problemet ikkje finst ved 256 fargars indekserte bilete, vil intervall = 1 avgrensa paletten til 256 fargar. Inneheld biletet fleire fargar er valet kopla ut.

Den importerte paletten vert automatisk lagra i den personlege palettes-mappa di når du avslutter GIMP og dukkar opp i palettdialogvindauget når du startar opp igjen GIMP.

Kopier palett

Denne kommandoen lagar ein ny palett ved å kopiera den aktive paletten og opnar deretter for paletthandsamaren slik at du kan gjera dei nødvendige forandringane. Den redigerte paletten vert automatisk lagra i den personlege palettes-mappa di når du avsluttar GIMP og dukkar opp i palettdialogvindauget når du startar opp igjen GIMP.

Flett saman palettane…

Denne kommandoen er førebels ikkje tilgjengeleg, og vil alltid vere «gråa ut» som uverksam.

Kopier palettadressa

Denne kommandoen vil kopiera adressa for palettfila over på utklippstavla. Du kan deretter lima inn adressa i ein tekstbehandlar.

Vis i filhandsamaren

Vis i filhandsamar vil opna plasseringa av palettfila i standard filutforskar.

Slett palett

Denne kommandoen fjernar paletten både frå palettdialogvindauget og frå lageret. Difor vert du alltid spurd om du verkeleg vil dette. Legg merke til at du berre kan fjerna palettar som du har installert sjølv, ikkje dei som følgjer med GIMP.

Oppdater palettane

Denne kommandoen går i gjennom alle mappene dine på jakt etter palettar og legg nye funn til palettdialogvindauget. Dette er som oftast enklare enn å starta GIMP på nytt.

Eksporter som

Undermenyen Eksporter som gjev deg fleire val for å eksportera den gjeldande paletten i fleire eksterne format. For tida er det støtte for desse formata: CSS Stylesheet, Java map, PHP dictionary, Python dictionary og Tekstfil. Kvar av desse vil opna eit dialogvindauge der du kan skriva inn eit filnamn og kvar fila skal lagrast.

Forskyv palett…

Kommandoen opnar eit dialogvindauge:

Figur 15.51. Dialogvindauget «Forskyv palettfargane»

Dialogvindauget «Forskyv palettfargane»

Denne kommandoen flytter den siste fargen i paletten først og forskyv resten av fargane eitt steg mot høgre. Talet du skriv inn bestemmer kor mange gonger forskyvinga skal utførast.

Dersom forskyvinga er negativ, vert den første fargen flytt til sist i paletten og resten av fargane forkjøve mot venstre.

Figur 15.52. Eksempel på bruk av «Forskyv paletten»

Eksempel på bruk av «Forskyv paletten»

Ovanfrå og nedover: den originale paletten, forskyv = 1, forskyv = 2.


Palett til fargeovergang

Denne kommandoen lagar ein fargeovergang av alle fargane i paletten. Denne fargeovergangen vert den aktive og vert også lagra i overgangsdialogvindauget. Fargeovergangen vil innehalda like mange segment som det er fargar i paletten.

Palett til repeterande fargeovergang

Denne kommandoen lagar ein repeterande fargeovergang av alle fargane i paletten. Denne fargeovergangen vert den aktive og vert også lagra i overgangsdialogvindauget og får eitt segment meir enn talet på fargar i paletten. Den venstre fargen i segmentet lengst til venstre får same fargen som den høgre fargen i segmentet lengst til høgre.

Figur 15.53. Eksempel på «Palett til repeterande fargeovergang»

Eksempel på «Palett til repeterande fargeovergang»

Øvst den originale paletten, deretter fargeovergangen laga med denne kommandoen.


Sorter paletten…

Denne kommandoen opnar eit dialogvindauge der du kan sortera fargane i paletten ut frå bestemte kriterium. Viss paletten er skriveverna, vert det opna ein ny palett som vert sortert etter dei gjevne kriteria.

Ein annan måte å sortera ein palett på er å bruka sorteringsinnstillingane i dialogvindauget Still opp fagrkartet på nytt.

Fleire innstillingar i dette dialogvindauget er ikkje heilt forstått av oss som skriv denne handboka. Vi tar gjerne imot bidrag frå alle som veit korleis denne dokumentasjonen kan gjerast betre.

Figur 15.54. Dialogvindauget «Sorter paletten»

Dialogvindauget «Sorter paletten»

  • Utval: Dette valet bestemmer korleis palettane skal sorterast. Bruken av det er dårleg dokumentert av utviklaren. Vi rår til å bruka berre standard Alle.

  • Skiveuttrykk: Dette valet bestemmer korleis paletten vert sortert når Skive/Matrise er vald ovanfor i Utval. Dokumentasjonen er henta frå koden:

    Når denne er tom, eller det er skrive inn : vert alle alle elementa valde.

    :4, eller :4 lagar eit utval på 4 rader av alle fargane (lengda vert sett automatisk).

    :1,4 vel dei 4 første fargane.

    :,4 vel rader med 4 fargar (talet på rader vert sett automatisk).

    :4,4 vel 4 rader med 4 fargar.

    4: vel ei enkelt rad med alle fargar etter 4, 4 inkludert.

    4:,4 vel rader med 4 fargar med byrjing på 4 (talet på rader vert sett automatisk).

    4:4,4 vel 4 rader med 4 fargar (16 fargar i alt) med byrjing i indeks 4.

    4 er ulovleg (tvetydig).

  • Kanal som skal sorterast: Dette alternativet bestemmer ut frå kva type fargekanal korleis sorteringa skal skje.

  • Stigande: Dette alternativet bestemmer om sorteringen må vera stigande (Ja) eller synkande (Nei). Ved å klikka på knappen, skifter du mellom ja og nei.

  • Sekundær kanal som skal sorterast: Dette alternativet bestemmer at den sekundære fargekanalen skal sorterast i tilfelle den første kanalsortering returnerer uendra verdiar.

  • Stigande: Dette alternativet bestemmer om sorteringen må vera stigande (Ja) eller synkande (Nei). Ved å klikka på knappen, skifter du mellom ja og nei.

  • Kvantisering: For tida udokumentert.

  • Partisjoneringskanal: Dette alternativet vert også brukt for å bestemma kkorleis sorteringa skal gjerast.

  • Partisjoneringskvantisering: Sette alternativet vert brukt saman med med dei førre.

3.6.4. Paletthandsamaren

Figur 15.55. Paletthandsamaren

Paletthandsamaren

Paletthandsamaren vert brukt til to ting. Det eine er å velja forgrunns- og bakgrunnsfarge frå ein palett. Det andre er for å redigera ein palett. Du kan aktivera paletthandsamaren for alle palettane i dialogvindauget, men du får berre lov til å gjera endringar i dei palettane du har lagt inn sjølv. Vil du gjera endringar i dei som kjem ferdiginstallerte med GIMP, må du først laga ein kopi og deretter arbeida på kopien. Alle endringar vert lagra automatisk når du avsluttar GIMP.

3.6.4.1. Aktivering

Paletthandsamaren er berre tilgjengeleg frå palettdialogvindauget ved å dobbeltklikka på ein palett, ved å trykkja på knappen «Rediger palett» nedst i dialogvindauget eller ved å velja «Rediger palett» i palettmenyen.

«Palettredigeraren» er eit dialogvindauge som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Dialogar og innliming.

3.6.4.2. Å bruka paletthandsamaren

Dersom du klikkar på ein av fargane i paletten, vert denne gjort til forgrunnsfarge, eller til bakgrunnsfarge dersom du samstundes held nede Ctrl-tasten. Det er desse fargane som vert viste i fargeområdet i verktøykassa.

Dobbeltklikkinga opnar også fargehandsamaren slik at du eventuelt kan redigera fargen, dersom paletten er slik at du får lov til dette.

Du kan opna menyen for paletthandsamaren ved å høgreklikka på visingsområdet for paletten. Funksjonane i denne menyen er stort sett dei same som for knappane nedst i dialogvindauget.

Like under biletet av paletten finn du ein tekstboks der du kan skrive inn namn på den valde fargen, eller «Untitled» dersom han ikkje har noko namn. Dette namnet har ingen annan funksjon enn å gjera det lettare å hugsa fargen.

Til høgre for namneboksen finn du ei rute der du kan bestemme kor mange kolonner paletten skal visast med i dialogvindauget. Også dette valet er utan effekt på bruken av paletten, berre korleis han skal sjå ut. Dersom du set valet til 0, vil GIMP bruke normalinnstillinga.

Nedst i dialogvindauget finn du nokre knappar som stort sett gjer det same som vala i menyen for paletthandsamaren. Knappane, som berre er aktive dersom du har lov til å gjera endringar i paletten, er:

Lagra

Trykk på denne knappen for å lagra paletten i den private palettes-mappa di. Dersom du ikkje bruker denne knappen, vil GIMP lagra paletten når du sluttar av. Knappen er mest nyttig dersom du er redd for at GIMP skal krasje før du avslutter på normal måte.

Tilbakestill

Denne knappen er førebels ikkje i bruk.

Rediger farge

Opnar for fargehandsamaren slik at du kan forandra fargen. Dersom du ikkje har tilgang til å endra paletten, vil knappen vera fråkopla. Sjå nedanfor.

Ny farge frå forgrunnen

Sjå meir om denne knappen på nedanfor.

Slett farge

Sjå meir om denne knappen nedanfor.

Forminsk

Sjå meirom denne knappen nedanfor.

Forstørr

Sjå meir om denne knappen nedanfor.

Tilpass

Sjå meir om denne knappen nedanfor.

3.6.5. Menyen for paletthandsamaren

Figur 15.56. Menyen for paletthandsamaren

Menyen for paletthandsamaren

Menyen for paletthandhandsamaren er tilgjengeleg ved å høgreklikka på visinga av paletten i paletthandhandsamaren eller ved å gå inn via fanemenyen. Du kan gjera dei same operasjonane ved å bruka knappane nedst i dialogvindauget for paletthandhandsamaren.

Rediger farge

«Rediger farge» opnar for ein fargehandsamar slik at du kan endra den valde fargen i palettoppføringa. Knappen er berre aktiv dersom du har lov til å gjere endringar i paletten (altså ein palett ikkje levert saman med GIMP).

Ny farge frå forgrunn/bakgrunn

Desse kommandoane lager ein ny palettfarge ved å hente farge frå for- eller bakgrunnen som vist i verktøykassa.

Slett farge

«Slett farge» vert brukt for å fjerna den valde fargeoppføringa frå paletten. Knappen er berre aktiv dersom du har lov til å gjere endringar i paletten (altså ein palett ikkje levert saman med GIMP)..

Forminsk

«Forminsk» vil redusera høgda i visinga av paletten.

Forstørr

«Forstørr» vil auka høgda i visinga av paletten.

Tilpass

Tilpassar høgda på palettvisinga til høgda på dialogvindauget.

Rediger aktiv palett

Når denne er avmerka, som er normalinnstillinga, kan du redigere ein palett ved å klikka på han i dialogvindauget «palettar».