Verktøyskrinet er det sentrale vindauget i GIMP. Her finn du dei mest brukte kontrollane og dei menyane som styrer alt anna. To av desse menyane, Fil og Hjelp, finn du også på menylinjene i biletvindauge, men då med eit litt anna innhald. Menyen Utvid (utvidingar) finn du derimot bare i verktøyskrinet.
Notat | |
---|---|
Du kan finne andre menyar på menylinja utan at dei er omtalte her. Dette kjem av at dei ikkje er med i standardoppsettet for GIMP men er lagt inn av eitt eller anna programtillegg. Ønskjer du meir informasjon om slike menyar, må du leite i dokumentasjonen for programtillegget. |