Kapittel 1. Innføring

Innholdsfortegnelse

1. Velkommen til GIMP
1.1. Utviklarane
1.2. Hjelpsystemet i GIMP
2. Kva er nytt i Gimp?
2.1. Programsamarbeid og standardisering
2.2. Snarvegsbehandlaren
2.3. Førehandsvising av programtillegg
2.4. Sanntids førehandsvising av transformeringar
2.5. Tilpassa Gnome sine retningslinjer
2.6. GTK+ 2.4 overføring
2.7. Elementær støtte for vektorgrafikk
2.8. Dessutan . . .

1. Velkommen til GIMP

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1908 $ 2006-11-27 KoSt

GIMP er eit biletredigeringsprogram som kan brukast på mange plattformer. Namnet GIMP står for “GNU Image Manipulation Program”. Altså eit biletbehandlingsprogram som følgjer GNU-reglane for fri distribusjon. GIMP kan nyttast til det aller meste innan biletbehandling, frå å retusjera foto til å lage eigne teikningar.

GIMP har mange ulike eigenskapar, og kan nyttast som eit enkelt teikneprogram, som avansert program for å manipulera fotografi, lage biletsamlingar for Internett, tilpasse bilete for masseproduksjon, endre biletformat, og mykje meir.

GIMP kan lett utvidast med programtillegg (“plug-ins”) og andre utvidingar du måtte ha behov for. Du kan også lage eigne skript ved hjelp av det innebygde skriptprogrammet. Desse skripta kan du bruke for å gjere alt, frå heilt enkle til svært kompliserte oppgåver.

Ein av dei verkeleg store fordelane med GIMP, er at det er fritt tilgjengeleg for dei aller fleste operativsystema. Dessutan har mange av GNU/Linux-distribusjonane GIMP med som standard. GIMP er også tilgjengeleg for t.d. Microsoft Windows™ og Apple's Mac OS X™ (Darwin). GIMP er ikkje såkalla “freeware”, dvs. gratis programvare. Det er derimot ein del av “Open Source Software”-systemet (OSS) som blir dekka av “General Public License” (GPL license). GPL gir brukarane fri tilgang til kjeldekodene for dataprogramma, og løyve til å gjere endringar i desse. Du kan med andre ord bruka programmet fritt, og endåtil gjere endringar i kjeldekodene om du føler behov for og har kunnskap til det.

1.1. Utviklarane

Den første utgåva av GIMP blei skriven av Peter Mattis og Spencer Kimball. Etter kvart kom det til fleire, og i dag er det tusenvis som driv med utvikling, støtte og testing. GIMP-teamet, som styrer dette arbeidet, blir for tida leia av Sven Neumann og Mitch Natterer.

1.2. Hjelpsystemet i GIMP

GIMP Documentation Team”, og mange andre, arbeider med å utvikle nødvendig dokumentasjon om bruken av GIMP. Kanskje den viktigaste resultatet av dette arbeidet er denne brukarhandboka. Du kan finna den nyaste utgåva av handboka i html-format på heimesida til utviklingsteamet. Handboka kan også brukast som menyhjelp dersom du installerer ho slik. Du kan då få hjelp medan du arbeider med GIMP ved å trykka på F1. Treng du hjelp til spesielle delar av menyen, kan du trykke F1 medan du held musepeikaren over aktuelt emne. Vil du reise vidare inn i GIMP, er det bare å lese vidare i handboka.