Dette filteret lager ein oppgnagd treskjeringseffekt i alfakanalen til det aktive laget. Det kan også legge til ein slagskygge om ønskjeleg. Innhaldet i det aktive laget blir ignorert, det er berre forma på alfakanalen som blir brukt.
Åtvaring | |
---|---|
Storleiken på biletet blir alltid sett til den same som det aktive laget. |
Filteret, som er utvikla frå logoskriptet «Gnaging» (
→ → → i biletmenyen), lager ein teksteffekt som vist ovanfor.Her bestemmer du kor store «gnaga» skal vere. Talet her har ingenting med storleiken på pikslane å gjere, men blir brukt av filteret sprei som ei maksimumsgrense for den tilfeldige spreiinga. Gyldig område er frå 0 til 200.
Talet blir brukt i filteret gaussisk sløring som sløringsradius og vil sløre mønsterkartet meir eller mindre.
Dersom dette valet er aktivisert, vil avbildingskartet bli invertert, slik at det nå lager holer i staden for humpar. Dette vil gjere at biletet meir vil sjå ut som det er uthola i staden for opphøgd.
Med dette valet aktivisert vil det bli lagt til ein slagskygge i eit nytt lag under det gjeldande laget.
Normalt vil strukturkartet som blir brukt for å lage humpane bli fjerna etter bruk. Kryssar du av her, vil laget bli verande i biletet med visinga sett til ikkje synleg.
Gjer at bakgrunnslaget som filteret opprettar blir fylt med det spesifiserte mønsterelementet. Elles blir laget fylt med kvitt.
Dette valet er normalt aktivisert, og gjer at det bakgrunnslaget som filteret opprettar ikkje forsvinn når filteret er ferdig med det. Du kan eventuelt fjerna dette laget seinare, eller slå av og på visinga av det, frå lagdialogen.
Dette valet inneheld først ei førehandsvising av gjeldande mønsterelement. Klikkar du på førehandsvisinga og held knappen nede, vil du sjå ei forstørra utgåve av mønsterelementet. Her finn du også knappen
som opnar for samlinga av mønsterelement som du kan velje frå.Du kan bruke alle mønsterelementa i GIMP men kanskje ikkje alltid med like godt resultat. Utgjevaren av filteret har vald «Burlwood» som førehandsinnstilling og føreslår i tillegg mønsterelementa «Dried mud», «3D Green» og «Slate»:
For å få til gnageeffekten vil filteret …
… oppretter eit utval frå alfakanalen i eit nytt lag,
fyller utvalet med kvitt,
spreier pikslane
og legg til gaussisk sløring i laget.
Til slutt blir dette laget brut som ruglekart for å lage ein 3D-effekt.