Filteret, som er utvikla frå logoskriptet «krom» (
→ → → i biletmenyen), oppretter — etter det forfattaren skriv — ein «enkel men kul, forkroma logo». (Sjå ovanfor).Filteret legg denne enkle kromeffekten til alfalaget, dvs. det området av det aktive laget som er definert av dei ugjennomsiktige pikslane. Du kan førestilla deg dette området som eit utval definert etter graden av dekkevne. Filtereffekten vil alltid vere avhengig av alfaverdiane, dvs. graden av gjennomsikt.
Det kan sjå ut som effekten er «kul» berre når filteret blir brukt på smale område. Er områda breie, kan du prøve å auke verdien for Forskyving. Sjå eksempla nedanfor.
Åtvaring | |
---|---|
Storleiken på biletet blir alltid sett til den same som det aktive laget. |
Denne innstillinga blir brukt for å lage kromeffekten og for å plassere slagskyggen:
Filteret lager ein slagskygge med form etter alfakanalen. Skyggen blir flytt i høve til forskyvingsverdien med 40 % forskyving mot høgre og 30 % nedover. Skyggen blir oppmjuka med 50 % av forskyvingsverdien.
Kromeffekten blir oppnådd ved hjelp av nokre mellombels biletlag. Desse laga blir flytt 40 % og 30 %, og mjuka opp 50 % i høve til forskyvingsverdien. Sjølve logoen blir såleis ikkje forandra.
Denne fargen er normalt sett til lysegrå, og blir brukt for å fylle bakgrunnslaget som blir oppretta av filteret. Du kan klikke på fargeruta for å hente fram fargeveljaren for å velje ein annan farge.