3.7. Kopier synlege

Kommandoen Kopier synlege liknar på kommandoen Kopier, men i staden for berre å kopiera det aktive laget, vert alle dei synlege laga kopierte. Altså alle laga som er avmerkte med eit «auge» i lagdialogvindauget. Dersom biletet inneheld utval, vert berre dei valde områda kopierte.

[Notat] Notat

Legg merke til at informasjonen om laga vert borte når du legg kopien i utklippstavla. Når du seinare limar inn biletet, vert dette eitt lag sett saman av alle dei synlege laga i originalen.

3.7.1. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen gjennom RedigerKopier synlege.