2.21. Avslutt

Trykkjer du på kommandoen Avslutt, vil GIMP lukka alle opne vindauge og slutta av. Dersom det finst opne bilete det er gjort endringar i utan lagring, dvs. at dei ikkje er merkte som «reine», vil GIMP gjera deg merksam på dette ved å visa ei liste over ulagra bilete. Du kan såleis velja kva bilete du ønskjer å lagra, eller rett og slett avbryta avsluttinga. Dersom du har svært mange ulagra bilete, eller du brukar mykje RAM, kan det ta litt tid før kommandoen vert utført.

2.21.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne oppføringa på hovudmenyen via FilAvslutt,

  • eller med snarvegen Ctrl+Q. (Engelsk: Quit).

  • I dei fleste operativsystema som GIMP køyrer på, kan du også lukka biletet ved å klikka på ein «lukk»-knapp ein eller annan staden i tittellinja for biletet. Plasseringa av ein slik knapp vert bestemt av operativsystemet (OS) og korleis dette er sett opp. Er ingen bilete opna, vil eit trykk på denne knappen lukka GIMP.