4.2. Kantutjamning

4.2.1. Oversyn

Dette filteret reduserer ujamne overgangar (sjå kantutjamning) ved hjelp av ein matematisk funksjon som vert kalla Scale3X kantekstrapoleringsalgoritme.

Scale3X er utvikla frå Scale2X, som er ein grafisk effekt for å auka storleiken på små bilete ved å «gissa» verdien for dei manglande pikslane utan å interpolere og utan å gjera biletet uskarpt. [8] Scale2X vart utvikla for å forbetra skjermvisinga for gamle Arcade- og dataspel når desse vert brukte på skjermar med høgare oppløysingn som TV-ar, Arcade-monitorar, PC-dkjermar og LCD-skjermar. [9]

Verkemåten for kantutjamningsfilteret er:

For kvar piksel,

  1. filteret erstattar originalpikselen med 9 (3 × 3) nye pikslar ved å bruke Scale3X-algoritmen og ekstrapolerer fargane frå originalpikslelen og dei 8 omkringliggjande pikslane,

  2. deretter vert dei nye pikslane samla til ein piksel med farge frå eit vekta gjennomsnitt.

4.2.2. Aktivering av filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterForbetraKantutjamning.

4.2.3. Eksempel

Eksempla nedanfor viser effekten på nokre mønster. Dei små firkantane er éin piksel (forstørra 16 gonger).

Originalbiletet (forstørra 16 gonger)

Eksempel på bruk av filteret «Kanntutjamning» (forstørra 16 gonger)