8.7. Eksponering

Dette filteret vert brukt for å gjera skuggane og mellomtonene lysare utan å blåsa ut høglysa. Du finn kan finna ei detaljert rettleiing på Tillegg C, Tonetilordning og skuggegjenoppretting med FargarEksponering… i GIMP.

8.7.1. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret på hovudmenyen via FargarEksponering….

8.7.2. Innstillingar

Figur 16.135. Innstillingar for eksponering

Innstillingar for eksponering

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Svartnivå

Dette alternativet vert brukt for å unngå «ubrukeleg» informasjon i skuggar og høglys.

Eksponering

Dette valet vert brukt for å setja in fleire punkt med eksponeringkompensering i biletet.

Blandingsalternativ, førehandsvising og delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».