8.12. Inverter

Kommandoen Inverter byter om på fargeverdiane og lysverdiane for kvar piksel i det aktive laget. Laget vert omforma til eit negativ for dei som kjenner dette uttrykket betre. Mørke område vert tilsvarande lyse, og fargane vert bytt til komplementærfargen. Du kan finna meir om fargane i ordlista under fargemodus.

[Åtvaring] Åtvaring

Ikkje bland denne kommandoen saman med kommandoen Inverter utvalet.

8.12.1. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen på hovudmenyen via FargarInverter.

8.12.2. Eksempel

Figur 16.147. Bruk av kommandoen «Inverter»

Bruk av kommandoen «Inverter»

Originalbiletet

Bruk av kommandoen «Inverter»

Med inverterte fargar