4.4. Inverter

Kommandoen Inverter inverterer utvalet i det gjeldande biletet. Dette betyr at den delen av biletet som er utanfor utvalet, no vert innanfor, og omvendt. Dersom det ikkje finst utval i biletet, vert heile laget utvald.

[Åtvaring] Åtvaring

Ikkje bland denne kommandoen saman med kommandoen inverter fargane.

4.4.1. Slå på kommandoen

  • Du får tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen via UtvalInverter,

  • eller med snarvegen Ctrl+I,

  • eller ved å trykkja på det samsvarande ikonet i utvalshandsamaren