3.11. Lineær fartssløring

3.11.1. Oversyn

Figur 17.30. Filteret «Lineær fartssløring»

Filteret «Lineær fartssløring»

Originalbiletet

Filteret «Lineær fartssløring»

Biletet er sløra


Dette filteret lagar ei lineær sløring i ei retning bestemt av valet «vinkel». Standardretninga er vassrett til høgre (0,000 grader).

3.11.2. Innstillingar

Figur 17.31. Innstillingane for filteret «Lineær fartssløring«

Innstillingane for filteret «Lineær fartssløring«

Førehandsval, «Inndatatype», klipping, blandingsval, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Lengde

I dette tilfellet representerer «lengde» intensiteten av støyen. Meir lengde vil resultera i meir støy.

Vinkel

«Vinkel» viser retninga på rørsla. Sett til 90, vert sløringa loddrett, sett til 0 resulterer i ei vassrett sløring.

Kontrollelement på lerretet

Med dette valet (standard) kan du endra innstillingane for sløringa direkte på lerretet, noko som gjer det enklare å sjå resultatet av innstillingane direkte. Det viser ei linje med handtak i begge endane som du kan bruka for å endra retninga og transformeringa.

Trykk Ctrl-tasten for å endra retninga i steg på 15°.