3.12. Zoom fartssløring

3.12.1. Oversyn

Figur 17.32. Filteret «Zoom fartssløring»

Filteret «Zoom fartssløring»

Originalbiletet

Filteret «Zoom fartssløring»

Biletet er sløra


Namnet på dette filteret burde vore «Radial». Det slører i alle retningar rundt eit senter. Standardsenteret er midten av laget eller utvalet. Du kan setja sentrum kvar som helst i laget, og dette senteret vert brukt på laget eller på eit utval viss det finst.

3.12.2. Innstillingar

Figur 17.33. Innstillingane for filteret «Zoom fartssløring«

Innstillingane for filteret «Zoom fartssløring«

Førehandsval, «Inndatatype», klipping, blanding, førehandsvising, flett filter, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Senter X, Senter Y

Her kan du setja senteret for forstørringa ved hjelp av glidebrytarar og talboksar som styrer vassrett og loddrett plassering. Du kan også klikka på den firkanta knappen til høgre (med pil på) og deretter på biletet der du ønskjer midtpunktet.

Sløringsfaktor

Aukar du denne aukar også mengda av sløring i alle retningar i forstørringa.

Kontrollelement på lerretet

Dette alternativet (standard) let deg endra innstillinga for sløringa direkte på lerretet slik at du kan sjå verknaden av dei. Det viser ei linje med handtak i begge endane som du brukar for å endra sentrum og sløringa.

Trykk Alt-tasten for å endra berre sentrum.

Trykk Ctrl-tasten for å endra berre sløringa.