8.59. RGB-klipp

Dette filteret kan brukast for å halda RGB-pikselverdiane innføre eit spesifisert område. Det ser ut til at filteret verkar best når du held både den øvre og den nedre grensa mellom 0 og 1. Men du kan få nokre artige effektar ved å setja øvre grense nær 0 og den nedre grensa over 1.

8.59.1. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret på hovudmenyen via FargarRGB-klipp ….

8.59.2. Innstillingar

Figur 16.227. Dialogvindauget for «RGB-klippefilteret

Dialogvindauget for «RGB-klippefilteret

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Låge verdiar for klippnivå

Når denne er merkt av, vert låge pikselverdiar klipte.

Låg grense

Pikselverdiar lågare enn denne grensa vert sette til denne verdien.

Høge verdiar for klippnivå

Når denne er merkt av, vert høge pikselverdiar klipte.

Høg grense

Pikselverdiar høgare enn denne grensa vert sette til denne verdien.

Inngangstype, Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».