11.8. Enkel lineær gjentakande gruppering (SLIC = Simple Linear Iterative Clustering)

11.8.1. Oversyn

Dette filteret lagar superpikslar basert på k-gjennomsnitt-gruppering.

Superpikslar er ein liten klase av pikslar som deler liknande eigenskapar. Superpikslar forenklar biletet med mange pikslar, noko som gjer dei enklare å kjenna igjen i mange samanhengar, som datasyn, mønstergjenkjenning og maskinintelligens. Målet for GIMP er mindre pretensiøst: å laga ein posteriseringseffekt.

k-gjennomsnittsgruppering er ei av dei mest brukte algoritmane for å laga superpikslar. Fargen på superpikslane vert laga som eit gjennomsnitt av pikselfargane i det tilsvarande området.

11.8.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterArtistiskEnkel lineær gjentakande gruppering ….

11.8.3. Innstillingar

Figur 17.209. Innstillingane for «Enkel lineær gjentakande gruppering»

Innstillingane for «Enkel lineær gjentakande gruppering»

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Områdestorleik

Auking av områdestorleiken samlar fleire pikslar, og gjer også superpikslane større.

Figur 17.210. Eksempel på «Områdestorleik»

Eksempel på «Områdestorleik»

Områdestorleik = 16

Eksempel på «Områdestorleik»

Områdestorleik = 32


Kompaktleik

Kantane på superpikslane kan vera uregelmessige. Viss du aukar dette valet, vert kantane på superpikslane meir regelmessige.

Figur 17.211. Eksempel på «kompaktheit»

Eksempel på «kompaktheit»

Kompaktleik = 20

Eksempel på «kompaktheit»

Kompaktleik = 40. Sjå på domen.


Gjentakingar

Kor mange gonger filteret skal gjentakast. Auke av denne verdien gjev fleire detaljar.

Figur 17.212. Eksempel på «Områdestorleik»

Eksempel på «Områdestorleik»

Gjentakingar = 1 (standard)

Eksempel på «Områdestorleik»

Gjentakingar = 15