6.10. Vignett

6.10.1. Oversyn

I fotografi er vignettering ein reduksjon i lysstyrken frå midten av biletet mot utkantane. Ofte er dette ein uønskt effekt på grunn av innstillingane for kameraet eller avgrensingar i objektivet, men kan også brukast medvite for å fremja midten av biletet. «Vignett» kan laga denne effekten.

Figur 17.132. Originalbiletet brukt i eksempla

Originalbiletet brukt i eksempla

Originalbiletet

Originalbiletet brukt i eksempla

Filteret brukt med standard innstillingar


GIMP-2.10.20 kjem med kontrollelement på lerretet (standard): to grenser med kvite handtak som vert oransje og vert aktive når musepeikaren er over dei. Det svarte (standard) området er vignetten. Den ytre grensa er grensa for vignetten. Den indre grensa er grensa for det mjuke området, altså området som ikkje vert endra. Mellom den ytre og den indre grens er nedtonings-området, der vignetten falmar gradvis. Markert med ei stipla linje som er midtpunktslinja.

Vignett med standardinnstillingane og kontrollelementa på lerretet

Klikk og dra verkar ulikt på linjer og handtak:

  • Klikk og dra i eit handtak for å flytta avgrensinga ig midtpunktet (radius og mjukskap).

  • Klikk og dra i eit handtak for å flytta begge avgrensingane (radius og krymping).

  • Klikk og dra midtpunktlinja for å flytta ho.

  • I dei tre tilfella vert berre radius endra når du trykkjer Shift.

6.10.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterLys og skuggeVignett….

6.10.3. Innstillingar

Figur 17.133. Innstillingane for filteret «Vignett»

Innstillingane for filteret «Vignett»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Vihnettform
  • Sirkel

  • Kvadrat

  • Rombe

  • Vassrett, loddrett: avgrensingslinjene er vassrette eller loddrette.

Forma på vignetten (for eksempel ellipse eller sirkel) er avhengig av innstillingane sette i «Proporsjonar».

Radius

Vignettstorleik: kor langt ut vignetteringa skal gjerast i høve til halve biletdiagonalen.

Radius = 0,700

Mjukleik

Storleiken på det mjuke (uendra) området.

Mjukleik = 0,100

Gamma

Minskande linearitet kontrollerer kurva for minskande mørklegging frå sentrum til periferi: set kor raskt lysstyrken vert redusert mot kantane av vignetteringa (storleiken på uttoningsområdet).

Gamma = 1,00

Proporsjon

Proposisjonen er spesiell: med standardverdien (maksimum) 1,00, er vignetten ein sirkel i eit kvadratisk bileete og ein ellipse i eit rektangulært bilete. Når du reduserer dette forholdet, vert ellipsen meir lik ein sirkel.

Klem

Sideforholdet som skal brukast:

  • 0,0 = 1:1

  • 0,5 = 2:1

    Rombeform, proporsjonane er 0,0 og krymping = 0,5

  • 1,0 = fullstendig klemt loddrett

  • -0,5 = 1:2

  • -1,0 = fullstendig klemt vassrett

[Notat] Notat

For å bruka klemfaktoren som proporsjon, set «Proporsjon» til 0,0.

Midtpunkt X, midtpunkt Y

Koordinatene for vignetteringsmidtpunktet. Utgangspunktet er det øvre, venstre hjørnet i biletet. 1,00 er den høgre kanten av biletet. Midtpunktet kan leggjast utføre biletet.

Rotasjon

Rotering av vignetten endrar ikkje forma på han.

Du kan også klikka og dra utføre dei ytre grensene for å rotera vignetten.

Kontrollelement på lerretet

Fjern avmerkinga for denne for å fjerna kontrollelementa på lerretet.