6.9. Lang skugge

6.9.1. Oversyn

Dette GEGL-baserte filteret vart lagt til i GIMP 2.10.6. Det gjer det enklare å laga lange skuggar i fleire visuelle stilar.

6.9.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterLys og skuggeLang skugge….

Det er tilgjengeleg viss det valde laget inneheld ein alfakanal (sjå Del 7.36, «Legg til alfakanal»). Elles er det slått av.

6.9.3. Innstillingar

Figur 17.129. Innstillingane for filteret «Lang skugge»

Innstillingane for filteret «Lang skugge»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Stil
Original file; the text layer was created via the "Layers to Image Size" function in the "Layer" menu

Du kan bruka fleire ulike stilar. Endeleg er standard, Uendeleg, Uttoning og Uttoning (fast lengd).

Figur 17.130. Eksempel på innstillingar for «Stil»

Eksempel på innstillingar for «Stil»
Endeleg (standard)
Eksempel på innstillingar for «Stil»
Uendeleg
Eksempel på innstillingar for «Stil»
Uttoning
Eksempel på innstillingar for «Stil»
Uttoning (fast lengd): Lengd = 30

Vinkel

Skuggevinkel i grader.

Vinkel = 110°
Lengd

Skuggelengd i pikslar. Berre tilgjengeleg når Stil er sett til Endeleg eller Uttoning (fast lengd).

Lengde = 30
Midtpunkt

Uttoningsmidtpunkt for skuggen. Berre tilgjengeleg når Stil er sett til Uttoning eller Uttoning (fast lengd).

Farge

Du kan velgja fargen på skuggen her. Berre klikk på fargeprøven og vel ein farge når fargeveljaren dukkar opp, eller bruk pipetta for å velja ein farge frå biletet.

Komposisjon

«Utgangskomposisjon» styrer korleis utgangen av dette filteret skal vera. Det er tre val:

  • Skugge pluss biletet vil visa både biletet og den nye skuggen. Dette er normalen.

  • Berre skugge vil visa berre skuggen.

  • Skugge minus biletet vil visa skuggen, med dreg i frå området gøymt av biletet.

Figur 17.131. Eksempel på bruk av «Komposisjon»

Eksempel på bruk av «Komposisjon»

Berre skugge

Eksempel på bruk av «Komposisjon»

Skugge minus bilete