6.18. Tilpass lerret til lag

Denne kommandoen gjer at lerretet, teikneområdet, får same breidd og høgd som det største biletlaget.

Når eit bilete vert laga eller opna, vil lerretet ha same format som biletet og vert ikkje forandra om du legg til nye lag. Dersom du legg til eit lag som er større enn lerretet, vil berre den delen av laget som er innføre lerretet vera synleg. Bruk denne kommandoen for å visa heile laget.

6.18.1. Slå på kommandoen

  • Du har tilgang til denne kommandoen på hovudmenyen via BileteTilpass lerret til lag.