6.17. Lerretformat

«Lerretet» er det synlege området av eit bilete. Som standard vil storleiken på lerretet vera den same som storleiken på laga. Kommandoen Lerretformat vil opna dialogvindauget «Set format på biletlerretet» der du kan gjera lerretet større eller mindre. Om ønskjeleg kan du også endra storleiken på laga. Når du gjer lerretet større, vert det ein ledig plass rundt innhaldet av biletet. Gjer du lerretet mindre, vert det synlege området av biletet redusert. Laga vert ikkje endra og vil vera tilgjengelege utføre lerretkanten.

Når du reduserer lerretet, vert lerretgrensa vist som ein tynn, negativ kant i miniatyren. Musepeikaren viser flyttesymbolet. Klikk og dra biletet innføre lerretramma.

6.17.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen på hovudmenyen via BileteLerretstorleik….

6.17.2. Beskriving av dialogvindauget «Lerretstorleik»

Figur 16.62. Dialogvindauget «Lerretstorleik»

Dialogvindauget «Lerretstorleik»

Lerretformat

Breidde; Høgde

Du kan bestemma Breidde og Høgde på lerretet. Til vanleg vert desse målt i pikslar, men du kan velja andre måleeiningar etter behov frå nedtrekkslista, eller du kan velja prosent dersom den nye dimensjonen skal vere relativ i høve til lagformatet. Dersom lenka til høgre for breidde og høgde ikkje er broten, vil breidde og høgde få same relative forholdet som i biletet. Bryt du lenka ved å klikka på ho, kan du setje breidde og høgde uavhengig av kvarandre.

Same kva måleeining du brukar, vert informasjonen om breidde og høgde alltid vist i pikslar like under felta Breidde og Høgde saman med informasjon om oppløysinga. Du kan ikkje endra biletoppløysinga i dette dialogvindauget. Har du slike ønskje, kan du sjå meir om dette i Del 6.20, «Utskriftformat».

Forskyving

Verdiane i Forskyving bestemmer plasseringa av biletet (biletet, ikkje det aktive laget) på lerretet. Resultatet vert vist i førehandsvisinga. Dersom lerretet er mindre enn biletet, syner førehandsvisinga lerretet som ei tynn, svart ramme.

X ; Y

X og Y spesifiserer koordinata for det øvre, venstre bilethjørnet i høve til det tilsvarande lerretshjørnet. Verdiane er negative dersom lerretet er mindre enn biletet. Du kan plassere biletet på ulike måtar (men koordinata kan ikkje gå ut over lerretskanten):

  • ved å klikka og dra biletet,

  • ved å skriva verdiar i innskrivingsboksane X og Y,

  • ved å klikka på dei små pilspissane. Dette vil endra verdien med ein piksel (eining).

  • Når ein tekstboks er fokusert, kan du bruka piltastane Opp og Ned for å endra med ein piksel (ei eining), eller PageUp og PageDown for å endra med 10 pikslar (einingar) om gongen.

Lag
  • Endra lagstorleik: denne nedtrekkslista inneheld fleire val:

    • Ingen: Normalinnstillinga. Berre lerretet vert forandra.

    • Alle laga: alle laga vert tilbakestilte til same format som lerretet.

    • Lag med same format som biletet: Berre desse laga vert tilbakestilte til same format som lerretet har.

    • All visible layers: only visible layers, marked with a icon, in the Layers dialog, are sized to canvas size.

    • All linked layers: only linked layers, marked with a in the Layers dialog, are sized to canvas size.

  • Fyll med: du kan fylla lag der storleiken er endra med gjennomsikt (standard), bakgrunnsfarge, forgrunnsfarge, kvit eller mønster.

  • Endra storleik på tekstlag: Endrar du storleiken på tekstlaga kan du ikkje redigera dei.

Sentrer

Knappen Sentrer sentrerer biletet på lerretet. Verdiane for forskyving vert rekna ut automatisk og vist i tekstboksane.

[Notat] Notat

Når du klikkar du på knappen Endra storleik, vert lerretet sett til dei valde verdiane. Sjølve biletet og visinga av det, vert ikkje forandra.

If the layers of the image did not extend beyond the borders of the canvas before you changed its size, there are no layers on the part of the canvas that was added by resizing it. Therefore, this part of the canvas is transparent and displayed with a checkered pattern, and it is not immediately available for painting. You can either flatten the image, in which case you will get an image with a single layer that fits the canvas exactly, or you can use the Layers to Image Size command to resize only the active layer, without changing any other layers. You can also create a new layer and fill it with the background you want. By doing this, you create a digital «passe-partout» (a kind of glass mount with a removable back for slipping in a photograph).

6.17.3. Eksempel

Figur 16.63. Originalbiletet

Originalbiletet

Vi byrja med eit grønt bakgrunnslag på 100 × 100 pikslar og får samstundes eit lerret med same storleiken. Deretter legg vi inn eit raudt lag på 80 × 80 pikslar. Omrisset for det aktive laget er markert med ei svart og gul prikkelinje. Det raude laget er mindre enn lerretet. Det ubrukte området er gjennomsiktig. Bakgrunnsfargen i verktøykassa er sett til gul.


Figur 16.64. Lerretet er forstørra (laga er uendra)

Lerretet er forstørra (laga er uendra)

Lerretet er nå forstørra til 120 × 120 pikslar. Storleiken på laga er uendra. Den delen av lerretet som ikkje er dekkja av biletlaga er gjennomsiktig.


Figur 16.65. Lerretet er forstørra (alle laga er endra)

Lerretet er forstørra (alle laga er endra)

Lerretet er sett til 120 × 120 pikslar. Alle laga er forstørra til same storleik som lerretet. Den delen som ikkje er teikna er gjennomsiktig i det raude laget og gul (bakgrunnsfargen i verktøykassa) i det grøne bakgrunnslaget.


6.17.4. Kva kan dette brukast til?

Du ønskjer kanskje å leggja til noko rundt biletet: forstørrer lerretet, legg til eit nytt lag med same storleik som det nye lerretet og teikna på det nye laget. Dette er det motsette av å klippa.

Du kan også bruka denne kommandoen for å beskjere eit bilete:

Figur 16.66. Sett lerretformat

Sett lerretformat

Opna lenka mellom breidde og høgde ved å klikka på henne. Ved å forandra breidde og høgde og å prøva seg fram med å flytte biletet i høve til lerretet, kan du beskjere biletet eller deler av biletet etter ønskje. Når resultatet er slik du vil ha det, klikkar du på Senter-knappen og deretter på Tilbakestill-knappen.

Figur 16.67. Beskore bilete

Beskore bilete

[Notat] Notat

Som oftast vil du likevel finna at det er enklare å bruka beskjeringsverktøyet.