3.18. Fyll utvalet

Med denne kommandoen kan du fylla det gjeldande utvalet med den gjeldande forgrunnsfargen eller det gjeldande mønsteret. Det vert opna eit dialogvindauge der du kan velja mellom desse to. Denne kommandoen er berre slått på når det finst eit utval.

3.18.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen gjennom RedigerFyll omrisset av utvalet ….

3.18.2. Innstillingar

Kommandoen opnar eit dialogvindauge:

Figur 16.12. Dialogvindauget «Vel fyllstil»

Dialogvindauget «Vel fyllstil»

Forgrunnsfarge

Forgrunnsfargen frå verktøykassa er brukt.

Bakgrunnsfarge

Bakgrunnsfargen frå verktøykassa er brukt.

Mønsterelement

Det gjeldande mønsteret frå verktøykassa er brukt.

Kantutjamning

Dette valet er som standard slått på.