3.20. Strek opp utvalet

Kommandoen Strek opp utvalet … teiknar opp omrisset av utvalet. Du kan velja mellom å teikna opp streken med eitt av teikneverktøya, eller med eigne innstillingar. I tillegg kan du velja mellom fleire utsjånadar for streken.

[Notat] Notat

Kommandoen er berre slått på dersom biletet inneheld eit utval.

3.20.1. Slå på kommandoen

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen gjennom RedigerStrek opp utvalet ….

  • Du har også tilgang via Utvalshandsamaren.

3.20.2. Beskriving av dialogvindauget

[Notat] Notat

Innstillingane for å streke opp eit utval og å streke opp ein bane, er dei same. Du finn omtale av desse innstillingane i avsnittet Strek opp bane.