Kommandoen
opnar eit dialogvindauge som viser utvalet i det gjeldande biletet. Det er eigentleg ikkje meininga at du skal arbeida direkte på utvala frå dette vindauget, men du får tilgang til ein del knappar med ulike kommandoar. Har du «utvalshandsamaren» framme, er det enklare å byta mellom ulike kommandoar ved å klikka på desse knappane enn å leita dei fram frå biletmenyen. Utvalshandsamaren tilbyr også ein del avanserte innstillingar for kommandoen «Utval til bane».Dialogvindauget for «utvalshandsamaren» inneheld fleire knappar som gjev deg lett tilgang til ulike kommandoar:
Knappen Vel alle.
Knappen Ingen.
Knappen Inverter utvalet.
Knappen Lagra til kanal.
Knappen Til bane. Dersom du held nede Shift-tasten medan du klikkar på denne knappen, vil dialogvindauget for Avanserte innstillingar dukka opp. Sjå neste avsnitt for meir om desse innstillingane.
Knappen Strek opp utvalet.
I dette vindauget vert dei utvalde områda viste med kvit farge, dei områda som ikkje er utvalde med svart, og delvis utvalde område i ulike grader av grått. Klikkar du i dette vindauget, er dette det same som å klikka på verktøyet Vel etter farge. Sjå eksemplet nedanfor.
Dialogvindauget «Avanserte innstillingar for utval til bane», som du får fram ved å halde nede tasten Shift medan du klikkar på knappen , inneheld ein heil del innstillingar. Dei fleste kan setjast med glidebrytar, innskrivingsboks eller i eitt tilfelle også med avkryssingsboks. Dei aller fleste greier seg med nomalinnstillingane, men her er nokre forklaringar for dei som måtte ha bruk for å gjera endringar (Dialogvindauget er av ein eller annan grunn berre delvis opna for omsetting):
Align Threshold: Dersom to endepunkt er nærare kvarandre enn denne grensa, vert dei kopla saman til eitt punkt.
Corner Always Threshold: Dersom vinkelen definert i eit punkt, og vinklane like før og etter er mindre enn denne, vert punktet definert som eit hjørne, sjølv om det er innføre Corner Surround pikslar til eit punkt med mindre vinkel.
Corner Surround: Kor mange punkt som skal telje med om eit punkt er eit hjørne eller ikkje.
Corner Threshold: Dersom eit punkt, og punkta like før og etter, definerer ein vinkel mindre enn dette, er det eit hjørne.
Feilterskel: Kor mange feil for ein tilpassa spline [6] som er uakseptabelt. Dersom ein av pikslane er utanfor grensa, vil programmet prøva algoritmen på nytt.
Filter Alternative Surround: Ei anna rekke av tilhøyrande tal som skal undersøkast ved filtrering.
Filter Epsilon: Dersom vinklane mellom vektorane laga av Filter Surround og Filter Alternative Surround har større skilnad enn dette, bruk i staden data frå Filter Alternative Surround.
Filter Iteration Count: Kor mange gonger originalpunktet skal glattast ut. Aukar du dette talet dramatisk, til t.d. rundt 50, kan resultatet verta merkbart betre. Men dersom det ikkje finst eit punkt som verkeleg skulle vera eit hjørne, kan kurvene verta nokså ville rundt dette punktet.
Filter Percent: For å laga eit nytt punkt, bruk verdien av det gamle punktet pluss dette talet multiplisert med verdien av nabopunkta.
Filter Secondary Surround: Talet på nærliggjande punkt som skal reknast med dersom Filter Surround definerer ei rett linje.
Filter Surround: Kor mange tilligjande punkt som skal telja med ved filtrering.
Keep Knees: Bestemmer om «knepunkta»skal fjernast eller ikkje etter at omrisset er funne.
Line Reversion Threshold: Dersom ei kurve er nærare ei rett linje enn denne verdien, vil kurva framleis vere ei rett linje sjølv om ho elles ville vorte endra til ei bøygd kurve. Dette vert vekta med kvadratet av kurvelengda for å gjere det enklare å tilbakeføra korte kurver.
Line Threshold: Kor mange pikslar, i gjennomsnitt, ei kurve kan divergera frå ei linje som er definert ut frå endepunkta, før ho vert endra til ei rett linje.
Reparametrize Improvement: Dersom omparametringa ikkje forbetrar tilpassinga med meir enn denne prosenten, stopp forsøket.
Reparametrize Threshold: Feilgrense for når det er nyttelaust å omparametrisere. Dette kan oppstå når t.d. algoritmen prøver å tilpassa seg omrisset av ein «O» med ei enkel kurve. Den endelege tilpassinga er ikkje god nok for Newton-Raphson repetisjonane til at resultatet vert ei forbetring. Kan hende ville det vere betre å finne dei tilfella der algoritmen ikkje finn nokre hjørner.
Subdivide Search: Kor mange prosent kurva kan fjerna seg frå det verste punktet for å sjå etter ein betre plass for å dele vidare.
Subdivide Surround: Kor mange punkt som skal telje med når det skal avgjerast om eit gjeve punkt er ein betre stad for å dela vidare.
Subdivide Threshold: Kor mange piksel eit punkt kan avvika frå ei rett linje og likevel vere ein betre plass for vidare oppdeling.
Tangent Surround: Kor mange punkt som skal telje med på kvar side av eit punkt når tilnærminga av tangentane til dette punktet skal reknast ut.
[6] «Spline» er eit matematisk uttrykk for ein funksjon som definerer ei kurve ved hjelp av seriar med kontrollpunkt. Eit eksempel på dedtte er bézierkurver.
Sjå Wikipedia for meir informasjon.