4.2. Eg eksporterer til gif, men fargane vert endra

Når du eksporterer bilete, må du hugsa på at dei fleste biletformata har avgrensingar. Ei avgrensing for gif-bilete er at formatet kan ha maksimalt 256 fargar. For animerte gif-bilete er dette 256 fargar i kvar ramme, men tillét ikkje å eksportera kvar ramme med sitt eige fargesett på opp til 256 fargar. Skal du eksportera biletet til gif, må du redusera fargane til 256 ved å slå saman nokså like fargar. Dette kan føra til merkbare endringar i biletet.

For å ordna dette, må du velja eit anna format som kan lagra alle fargane, eller du må konvertera biletet til indeksert og justera fargane manuelt før du eksporterer til gif.