4. Korleis fiksa problem med å eksportera bilete

4.1. Eg eksporterer til eit jpeg-bilete og dei gjennomsiktige områda vert kvite eller svarte

Når du eksporterer bilete, må du hugsa på at dei fleste biletformata har avgrensingar. Ei avgrensing for jpeg-bilete er at dei ikkje har støtte for gjennomsikt. Når du eksporterer til jpeg, vil GIMP fylla gjennomsiktige område med bakgrunnsfargen, som ofte er kvit.

Dette kan berre ordnast ved å eksportera i eit format som har støtte for gjennomsikt, for eksempel png og tiff.