The Cage tool is a special transforming tool allowing you to select the transforming area by setting anchor points by free hand drawing similar to the way you do it with the Free Select tool. The tool adds nothing to the image until you confirm the transformation by pressing the Enter key.
Du kan aktivera verktøyet på fleire måtar:
From the image-menu:
→ → .
By clicking the tool icon
in the Toolbox.
By pressing the ShiftG keyboard shortcut.
Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist nedanfor verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.Når burverktøyet vert aktivert, vil også dette valet vere aktivert. Du kan nå venstreklikke med datamusa der du ønskjer markeringspunkta og såleis ramme inn eit høveleg område av biletet. Treng du seinare i prosessen å legge til fleire slike ankerpunkt, kan du aktivere dette valet.
GIMP vil skifte til dette valet automatisk når du klikker på startpunktet igjen. Nå kan du dra ankerpunkta dit du vil på biletet, og endatil utanfor bildet om du ønskjer det. Transformeringa byrjar når du slepp opp museknappen.
Du kan aktivere fleire ankerpunkt ved å halde nede Shift-tasten medan du klikkar på punkta. Ein annan måte å gjere det på, er å teikne ein firkant rundt dei aktuelle punkta medan du held nede musebrytaren.
Dersom transformeringa resulterer i tome område vert desse fylt opp med ein farge dersom dette valet er slått på. Det ser ut til at fargen vert henta frå pikselen under startpunktet for kurva.
Når du klikkar på bur-transformering i verktøykassa, vert verktøyinnstillingane normalt opna med «Opprett eller rediger buret» aktivert. Du kan nå avsetja omrisset for buret ved å klikka inn ankerpunkt rundt det ønskte området. Du fullfører operasjonen ved å klikka på startpunktet igjen. GIMP vil nå gjere ein del utrekningar og deretter aktivere «Deformer buret for å deformere biletet». Nå kan du dra ankerpunkta rundt i biletet og endatil utanom biletet, for å deformere buret.
Det aktive punktet, eller dei aktive punkta vert firkanta. Når du drar punkta rundt på skjermen og slepp opp museknappen, vert området transformert. Dette bruker nokså mykje datakraft og kan ta litt tid på store bilete. Ver tålmodig.
Dersom du har behov for å legge til fleire punkt, kan du gjere dette ved å aktivere «Opprett eller rediger buret» igjen. Legg inn dei ønskte punkta og gå tilbake til «Deformer buret for å deformere biletet» igjen for å arbeide vidare med deformeringa.
Når biletet er slik du vil ha det, trykker du Enter-tasten for å overføre endringane til biletet.