3.8. Viskeleret

Viskeleret vert brukt for å fjerna farge frå det gjeldande laget, utvalet eller andre teikneområde. Dersom viskeleret vert brukt på noko som ikkje er gjennomsiktig, slik som ein kanal, ei lagmaske eller eit bakgrunnslag utan alfakanal, vil viskeleret bruka den bakgrunnsfargen som er vist i fargeområdet i verktøyvindauget. Elles vil viskeleret laga det området du viskar på heilt eller delvis gjennomsiktig, avhengig av verktøyinnstillingane. Korleis du kan leggja inn alfakanal i ein kanal eller eit lag er forklart i Del 7.36, «Legg til alfakanal».

Figur 14.62. Viskeler og alfakanal

Viskeler og alfakanal

Bakgrunnsfargen er kvit. Biletet er utan alfakanal. Visking til bakgrunnsfarge (100 % dekkevne).

Viskeler og alfakanal

Biletet har alfakanal. Viskeleret viser gjennomsikt ved å bruka eit sjakkbrettmønster.


Dersom du har behov for å fjerna ei gruppe biletpunkt fullstendig, merkjer du av for «Hard kant» i avkryssingsboksen. Dersom denne ikkje er avkryssa, vil viskeleret laga gradvise overgangar, sjølv om du har teikna med hardkanta teikneverktøy.

[Tips] Tips

Dersom du brukar teiknebrett, kan det vera fornuftig å stilla inn den eine enden av teiknenåla som viskelêr. Dette får du til ved å klikka enden av nåla inn i viskelêret i verktøykassen. Fordi kvar ende av nåla vert oppfatta som ulike verktøy, og såleis får tillagt eige teikneverktøy, vil denne innstillinga vara heilt til du vel eit anna verktøy for den bakre enden av nåla.

3.8.1. Å slå på verktøyet

Det er fleire måtar å slå på verktøyet på:

  • Frå hovudmenyen via VerktøyTeikneverktøyaViskeler.

  • Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassen.

  • Med tastesnarvegen Shift + E.

3.8.2. Valtastar

Sjå Del 3.1, «Felles eigenskapar» for omtale av dei valtastane som har same effekten på alle teikneverktøya.

Ctrl

Gjer viskeleret om til ein fargehentar. I motsetnad til dei andre verktøya, hentar viskelêret bakgrunnsfarge i staden for forgrunnsfarge. Når du viskar på område som ikkje er gjennomsiktige, vert den opphavlege fargen erstatta med bakgrunnsfargen. Dette er til vanleg det mest fornuftige.

Alt

Denne tasten set viskeleret i «visk inn»-modus. Dette finn du forklart nedanfor. Dersom Alt-tasten ikkje verkar på maskinen din, prøv Shift + Alt i staden.

3.8.3. Verktøyinnstillingar

Figur 14.63. Innstillingane for «viskeleret»

Innstillingane for «viskeleret»

Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa så snart som du slår på verktøyet. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDokkpanelVerktøyinnstillingar som vil opna verktøyinnstillingane for det valde verktøyet.

Dekkevne, Pensel, Storleik, Sideforhold, Vinkel, Mellomrom, Hardleik, Tving, Penseldynamikk, Innstillingar for penseldynamikk, Legg til sitring, Mjukare strok, Lås penselstorleiken til visinga, Aukande
Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.
Dekkevne

Dersom du for dette verktøyet erstattar ordet «dekkevne» med «viskestyrken», vil denne innstillinga kanskje vera lettare å forstå. Dess større dekkevne, dess kraftigare viskar viskelêret. Dersom du brukar viskeléret på eit lag med alfakanal, vil høgare dekkevne, eller altså viskestyrke, gje større gjennomsikt!

Hard kant

Dette valet forhindrar delvis utvisking av strokkantane. Sjå nedanfor.

Visk inn

Det motsette av å viska ut må vel vera å viska inn. Viskeleret vil «av-viska» eit område på biletet dersom dette valet er markert. Du kan sjå på «visk inn» som ein variant av å «angra» utviskinga. Funksjonen kan berre brukast på lag med alfakanal. Du kan også slå på denne funksjonen ved å halda nede Alt-tasten, eller Shift + Alt på nokre maskiner.

[Notat] Notat

For å forstå korleis «innvisking» er mogleg, bør du hugse på at utvisking berre påverkar alfakanalen, ikkje RGB-kanalen som inneheld biletdata. Så sjølv om resultatet av utviskinga er fullstendig gjennomsiktig, er RGB-dataa der, dei er berre usynlege. «Visk inn» aukar alfaverdien slik at dei underliggjande dataa vert synlege igjen.

[Tips] Tips

Du kan bruka viskelêret til å endra forma på eit flytande utval. Når du viskar ut, forandrar du også kantane på utvalet.