3.7. Målarpensel

Målarpenselen lagar fargestrok med diffuse kantar. Alle stroka skjer med den for tida brukte penselen.

3.7.1. Å slå på verktøyet

Det er fleire måtar å slå på verktøyet på:

  • Frå hovudmenyen via VerktøyTeikneverktøyaMålarpensel.

  • Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassa.

  • Ved å trykkja tasten P.

3.7.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Ctrl

Gjer målarpenselen om til ein fargeplukkar.

Shift

Gjer at målarpenselen teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar på Knapp 1, vil dette laga ei rett linje. Held du fram med å klikka, vert det teikna rette linjer frå der du klikka sist til det nye klikket.

3.7.3. Innstillingar

Figur 14.61. Innstillingane for «målarpenselen»

Innstillingane for «målarpenselen»

Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa så snart som du slår på verktøyet. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDokkpanelVerktøyinnstillingar som vil opna verktøyinnstillingane for det valde verktøyet.

Modus, dekkevne, pensel, storleik, sideforhols, vinkel, mellomrom, hardleik, dynamikkar, innstillingar for dynamikkar, tving, bruk sitring, mjuke strok, lås penselstorleik til visinga, aukande
Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.