3. Teikneverktøya

Du har tilgang til desse verktøya frå hovudmenyen via VerktøyTeikneverktøy.

3.1. Felles eigenskapar

Verktøykassa i GIMP inneheld fjorten «teikneverktøy». Til vanleg vert dei viste saman i fem grupper, men du kan løysa opp gruppene i innstillingane for verktøykassa ved å fjerna avmerkinga for Bruk verktøygrupper.

Figur 14.27. Teikneverktøya i verktøykassa

Teikneverktøya i verktøykassa

Standard er å visa liknande verktøy saman. Teikneverktøya er viste inne i den raude firkanten.

Teikneverktøya i verktøykassa

Teikneverktøya viste enkeltvis i verktøykassa inne i det raude området.


Felles for alle er at dei vert brukte ved å flytta peikaren over biletvisinga for å laga penselstrok. Fem av dei oppfører seg slik du ventar når du «målar» med ein pensel. Blyant, Målarpenselen, luftpenselen og MyPaint-penselen vert kalla «grunnleggjande måleverktøy» eller penselverktøy.

Dei andre verktøya brukar ein pensel for å gjera endringar i biletet på andre måtar enn det å teikna på det:

Teikneverktøya kjem til sin fulle rett først når du nyttar teiknebrett (digitaliseringsbord). Musa er i slike tilfelle berre ei dårleg nødløysing, som heller ikkje kan gjerast trykkfølsam slik teiknebrettet kan det.

I tillegg til dei meir vanlege «rett fram metodane», kan teikneverktøya også nyttast på ein automatisert måte ved å laga eit utval eller ein bane og deretter «streka opp» med eit av verktøya. Alle teikneverktøya, med alle tilgjengelege innstillingar, kan brukast til dette, også viskelêret og liknande «uvanlege» teikneverktøy. Sjå nærare om dette i Del 3.20, «Strek opp utvalet».

3.1.1. Valtastar

Ctrl

Å halda nede Ctrl har ein spesiell effekt på alle måleverktøya. For blyanten, målarpenselen, luftpenselen, pennen og viskeleret, bytar han dei til «fargeveljar»-modus, slik at når du klikkar på ein biletpiksel, vert forgrunnsfargen i GIMP sett til den fargen pikselen har. Brukar du viskeleret, vert bakgrunnsfargen i GIMP sett. For kloneverktøyet bytar Ctrl-tasten det til ein modus der klikking set referansepunktet for kopiering. For slør og skjerp-verktøyet bytar Ctrl-tasten mellom sløring og skjerping. For avskugging / etterbelysings-verktøyet bytar det mellom avskugging og etterbelysing.

Shift

Denne har same effekten på alle teikneverktøya. Held du nede Shift-tasten vil verktøyet skifta til berre å kunne teikna rette linjer. Dette gjer du ved først å klikka på startpunktet og deretter trykkja ned Shift-tasten. Så lenge du held denne tasten nede, vil du sjå ei rett linje mellom startpunktet og markøren. Klikkar du igjen, vert det no teikna ei rett linje mellom dei to klikka. Du kan gjenta prosessen så mange gongar du ønskjer.

Ctrl+Shift

Held du nede begge desse tastane, vil det aktuelle verktøyet avsetja ei avgrensa rett linje. Det svarar til å halda nede Shift-tasten åleine, men retninga på linja er avgrensa til å vera multiplar av 15º i høve til førre linja. Du kan bruka dette for å laga perfekte vassrette, loddrette eller diagonale linjer.

3.1.2. Verktøyinnstillingar

Figur 14.28. Innstillingar felles for alle teikneverktøya

Innstillingar felles for alle teikneverktøya

Dei innstillingane som er felles for fleire av teikneverktøya vert omtalte her. Innstillingar som gjeld spesielt for eitt eller nokre få verktøy, vert omtalt saman med dei aktuelle verktøya.

Modus

Nedtrekkslista «Modus» gjev eit utval av metodar for å blanda fargar. På same måten som nemnd under dekkevne, kan det vera enklare å forstå verkemåten ved å tenkja seg at penslane arbeidar på eit biletlag over det du eigentleg arbeider på, og så kombinerer desse laga i ein modus som vert sett i dialogvindauget for det øvste laget. Du kan få eit stort utval av spesialeffektar på denne måten. Modus-alternativet kan berre brukast for verktøy som på ein eller annan måte legg til farge i biletet dvs. blyanten, målarpenselen, luftpenselen pennen og kloneverktøya. For dei andre verktøya er valet gråa ut. Du kan finna meir om ulike modus i Del 2, «Lagmodus».

I denne lista er nokre modus spesielle og er nærare omtalte i Del 3.1.3, «Eksempel på ulike teiknemåtar» nedanfor.

Dekkevne

Denne glidebrytaren bestemmer kor stor dekkevne verktøyet skal ha, altså kor gjennomsiktig stroket vert. Dette er kanskje lettare å forstå dersom ein tenkjer seg at glidebrytaren opprettar eit gjennomsiktig lag over det gjeldande laget og arbeidar på dette. Det er faktisk fullt mogleg å gjera det slik også. Opprett eit gjennomsiktig lag over det gjeldande laget og reguler dekkevna med glidebrytaren i lagdialogvindauget. Brytaren for dekkevne kontrollerar «styrken» til alle teikneverktøya, ikkje berre dei som teiknar på det gjeldande laget. Verknaden på viskelêret kan vera litt forvirrande i og med at dess høgare dekkevna er dess meir gjennomsiktig er det.

Pensel

Ein pensel svarar i denne samanhengen til spissen på teikneverktøyet. Altså kva slag avtrykk verktøyet skal gje. Du finn nærare omtale av desse i Del 5, «Penslar». Penslane er tilgjengelege for alle teikneverktøya unnateke pennen, som brukar eit eige prosedyregenerert sett. Fargen på penselen vert berre sett når det er meiningsfullt, slik som for blyanten, målarpenselen og luftpenselen. For dei andre teikneverktøya betyr penselvalet berre noko når det gjeld intensiteten til verktøyet.

Storleik

Med denne kan du bestemma nøyaktig kor brei penselen skal vera. Ved å bruka piltastane kan du endra i steg på ±0.01. Brukar du tastane Page-up og Page-Down vert forandringane ±1.00 for kvart trykk. Har du sett det opp slik i brukarinnstillingane (Del 5.3, «Å endra penselbreidda»), kan du også bruka musehjulet

Sideforhold

Dette bestemmer forholdet mellom høgd og breidd på penselen. Glidebrytaren har ein skala frå -20,00 til 20,00. Normalverdien er sett til 0,00. Vert brytaren sett til ein negativ verdi frå 0 til -20, vert penselen lågare. Ein positiv verdi frå 0 til 20 vil gjera penselen smalare.

Vinkel

Dette valet gjer at penselen snur seg rundt midten. Dette er synleg dersom penselen ikkje er rund eller laga frå ein rotert figur.

Avstand

Dette valet set avstanden mellom penselmerka i eit penselstrok.

Figur 14.29. Innstillingar for mellomrom

Innstillingar for mellomrom

Ulike mellomrom


Hardleik

Endrar storleiken på den harde midten i ein pensel.

Figur 14.30. Innstillingar for hardleik

Innstillingar for hardleik

Til venstre: hardleik = 50. Til høgre hardleik = 100.


Tving

Endrar forsterking.

Figur 14.31. Innstillingar for tving

Innstillingar for tving

Tving er 10 %, 20 %, 40 %, 80 %.


Slå på dynamikk

Når du slår på dette valet, vert det vist fleire relaterte innstillingar for dynamikk nedanfor. Med penseldynamikken kan du kopla ulike penselparametrar saman med ulike dynamikkar. Dei er i hovudsak tenkt brukte saman med digitale teiknebrett, men nokre av dei kan også brukast med datamusa.

Desse er nærare omtalte under dynamikk

Når du brukar funksjonen for å streka opp ein bane eller eit utval, kan du velja «Emuler penseldynamikk» når du har vald å streka opp med eit teikneverktøy. Dette vil gjera at penseltrykket og farten varierer gjennom stroket. Trykket byrjar på null og aukar jamt til fullt trykk for deretter å gå tilbake til null trykk igjen. Farten er i byrjinga sakte, men aukar til full fart ved slutten av oppstrekinga.

Innstillingar for penseldynamikk

Sjå innstillingar for penseldynamikk

Legg til sitring

Som du sikkert veit, er penselstroka eigentleg laga ved å avsetja penselavtrykka meir eller mindre tett etter kvarandre. Er avstanden liten, gjev dette inntrykk av å vera ei kontinuerleg linje. Dersom du slår på «sitring», vert penselavtrykka ikkje avsett pent og pynteleg på linje, men spreidde litt tilfeldig utover innføre eit område bestemt av glidebrytaren mengd.

Figur 14.32. Eksempel på bruk av «sitring»

Eksempel på bruk av «sitring»

Ovanfrå og nedover: utan sitring, sitring = 1, sitring = 4.


Sitring er også tilgjengeleg i penseldynamikken der du kan kopla sitringa saman med ulike bruksmåtar for penselen.

Mjukare strok

Dette valet endrar ikkje måten penselstroka vert teikna på, men endrar utsjånaden. Det fjernar «skjelvinga» i strekane og kan såleis gjera det litt enklare å laga teikningar med datamusa.

Når du merkjar av for dette valet, kjem det fram to glidebrytarar, Kvalitet og Vekt som du kan bruka for å tilpassa strokstilen til slik du ønskjer det.

Høg vektverdi gjev rettare strek.

Tabell 14.2. Eksempel på bruk av mjukare strok teikna med datamusa

Innstillingane for «Mjukare strok»

Rett linje

Sinuskurve

 
Ikkje merkt
 
Standard
 
Maksimum
 

Lås penselen til visinga

Når du arbeidar på eit biolete som er større (i pikslar) enn skjermen, må du forminska det. Dette alternativet tillét ein svært naturleg «gjentakande foredlingsprosess» utan å måtta be programmet gjentekne gongar om å endra storleiken på penslane medan du vekslar mellom breie strekar og detaljar.

Viss penselstorleiken er relativ til lerretet (valet ikkje merkt), gjer at også penselen vert forstørra og ser større ut (tek opp fleire pikslar på skjermen) når du forstørrar biletet. Viss du brukar ein pensel med radius 300 pikslar og forstørrer frå 12 % til 100 %, vert penselen halparten av skjermen. Så du må forminska penselen igjen.

Viss penselstorleiken er relativ til skjermen (valet merkt), vert storleiken på penselen ikkje endra når du forstørrar. Han ser mindre ut og er betre for små detaljar.

Figur 14.33. Eksempel på «Lås penselen til visinga»

Eksempel på «Lås penselen til visinga»

Eit bilete vist med 50 % forstørring slik at heile biletet er synleg. Innstillinga «Lås penselen til visinga» er ikkje slått på og penselstorleiken er sett til 100 pikslar høg i verktøykassa.

Eksempel på «Lås penselen til visinga»

Delar av biletet ved 200 % forstørring. Innstillinga «Lås penselen til visinga» er ikkje slått på og penselstorleiken er sett til 100 pikslar høg i verktøykassa. Me teiknar med penselen og penselstroka med den valde peparpenselen er vist som 200 pikslar høgde i høve til forstørringa.

Eksempel på «Lås penselen til visinga»

Delar av biletet ved 200 % forstørring. Innstillinga «Lås penselen til visinga» er slått på og penselstorleiken er sett til 100 pikslar høg i verktøykassa. Me teiknar med penselen og penselstroka med den valde peparpenselen er vist som 100 pikslar høgde i høve til innstillinga.


«Lås penselen til visinga» kan også brukast for å låsa penselen for å visa rotering:

Figur 14.34. Eksempel på rotering med «Lås penselen til visinga»t

Eksempel på rotering med «Lås penselen til visinga»t

«Lås penselen til visinga» er merkt av og me har vald roter visinga 15° med klokka. Penselstroket roterer med visinga.

Eksempel på rotering med «Lås penselen til visinga»t

«Lås penselen til visinga» er ikkje slått på og me har vald roter visinga 15° med klokka. Penselstroket roterer ikkje med visinga.


Aukande

Brukar effekten aukande etter som musepeikaren flyttar seg.

Innstillinga «aukande» verkar kanskje ikkje heilt slik ein skulle venta det. Dersom denne ikkje er slått på, som er normalinnstillinga, vil eit enkelt strok få den dekkevna som er bestemt i glidebrytaren for dekkevne. Dersom glidebrytaren er sett til ei dekkevne mindre enn 100, kan du teikna fleire gonger på same staden for å forsterka fargen. Dett gjeld berre dersom du har lyft opp penselen i mellomtida. Dersom «aukande» er slått på, vert fargen teikna med full dekkevne uavhengig av kva glidebrytaren er sett til. Dette valet er tilgjengeleg for alle teikneverktøya unnateke dei som har «grad»-kontroll. Desse har denne effekten innebygd. Sjå også Del 2, «Lagmodus».

Utvid laga

Når denne er slått på, vert laga automatisk utvida når du teiknar utføre kantane til laget. Det vert også vist fleire innstillingar nedanfor.

Merk at dette ikkje gjev deg høve til å utvida eit lag utover storleiken på lerretet. Sjå Lerretsstorleik om korleis du endrar storleiken på lerretet..

Mengd

Mengda pikslar du legg til i den retninga du teiknar.

Fyll med

Her kan du velja korleis det nye utvida området av laget skal fyllast. Du har dei same vala som i Nyt lagdialogvindauge.

Fyll lagmaska med

Viss laget du teiknar på har ei lagmaske, vil også denne maska verta utvida. Desse innstillingane gjev deg høve til å velja korleis lagmaska skal fyllast. Du kan velja mellom Kvit (full dekkevne) og Svart (full gjennomsikt).

3.1.3. Eksempel på ulike teiknemåtar

Eksempelet nedanfor viser nokre av teiknemodusane brukte i GIMP:

Oppløys-modus

Figur 14.35. Eksempel på oppløys-modus

Eksempel på oppløys-modus

Teikning med luftpensel. Til venstre i normalmodus, til høgre i oppløysmodus.


Dersom dekkevna er mindre enn 100 %, vil penselstroket i staden for å bestemma mengda av farge, finna ut om det skal vera farge eller ikkje farge. Dette er eit svært brukbart modus som kan gje fine stople-effektar.

Figur 14.36. Teikning i modus «oppløys»

Teikning i modus «oppløys»

I dette biletet er det teikna tre raude blyantstrekar på det himmelblå bakgrunnslaget utan alfakanal. Strekane er teikna med 100 %, 50 % og 25 % dekkevne. Strekane er meir eller mindre stopla.


Bak

Figur 14.37. Eksempel på lagmodus «bak»

Eksempel på lagmodus «bak»

Wilber over eit blått bakgrunnslag

Eksempel på lagmodus «bak»

Lagdialogvindauget

Eksempel på lagmodus «bak»

Fyll med mønsterelement


Gjer at fargen berre vert synleg i gjennomsiktige område av laget. Dess meir gjennomsiktig området er, dess mørkare vert fargen. Teiknar du på eit heilt gjennomsiktig område, vert resultatet identisk med slik det vert i normalmodus. (Gjeld sjølvsagt berre dersom laget inneheld alfakanal).

I eksempelet ovanfor er Wilber i det øvste laget omgjeve av gjennomsikt. Det nedre laget er einsfarga lyseblått. Bøttefyll var brukt med Fyll heile utvalet. Det var brukt eit mønster for å teikna med bøttefyll.

Figur 14.38. Teikning i modus «Bak»

Teikning i modus «Bak»

Dette biletet har to lag. Det øvste laget med to blå striper er det gjeldande laget. Tre loddrette penselstrok med blyant, raud farge med 100 %, 50 %, 25 % gjennomsikt (frå venstre mot høgre): berre gjennomsiktige eller halvgjennomsiktige pikslar i laget er teikna.


Slett farge

Figur 14.39. Eksempel på lagmodus «Slett farge»

Eksempel på lagmodus «Slett farge»

Wilber over eit blått bakgrunnslag

Eksempel på lagmodus «Slett farge»

Den kvite forgrunnsfargen er fjerna


Denne innstillinga byter ut forgrunnsfargen med meir eller mindre gjennomsikt. Det verkar på same måten som når filteret farge til alfa er lagt til under penselstroka. Dersom laget du arbeidar på ikkje har alfakanal, vil modus slett farge vera det same som normalmodus.

I eksempelet er fargen i fyllverktøyet sett til kvit. Dei kvite partia i Wilber vart difor sletta og gjorde den blå bakgrunnen synleg.

Biletet under har tre vassrette striper og har berre eitt lag, bakgrunnslaget. Bakgrunnen er himmelblå. Tre loddrette strok med blyant:

  1. Til venstre ein loddrett strek med den same fargen som den blå stripa. Berre den blå fargen er viska ut.

  2. I midten ein loddrett strek med same fargen som det raude området: berre den raude fargen vert viska ut same kva gjennomsikt han har. Utviska område vert gjennomsiktige.

  3. Til høgre ein loddrett strek med den himmelnblå fargen til lagbakgrunnen: Berre denne fargen er viska ut.

Figur 14.40. Teikning i «Slett farge» modus

Teikning i «Slett farge» modus

Loddrette penselstrok i blått (til venstre), i raudt (i midten) og på bakgrunnsfargen (til høgre).


3.1.4. Tilleggsinformasjon

Den avanserte brukaren har kanskje interesse av å vita at teikneverktøya arbeidar på eit «sub-piksel-nivå» for å unngå takkete kantar og overgangar. Dette kan føra til at når du nyttar verktøy som skulle gjeve harde kantar, som t.d. ein sirkulær pensel, kan du oppleva at overgangane berre vert gradvis påverka. Dette vil normalt vera ein fordel, men er av og til ein ulempe, t.d. når du skal klippa ut noko eller arbeidar på svært store forstørringar. Då er blyanten den rette reiskapen i og med at han koplar ut sub-piksel-utjamninga og såleis gjev harde kantar.