4.11. Burtransformering

Med dette verkøyet kan du utføra flytting, rotering, forskyving, perspektivendring og skalering ved å bruka handtaka på lerretet.

Det opphavlege biletet: eit tekstklag

Du kan bruka 1 til 4 handtak. Effekten er avhengig av kor mange handtak. Verktøyet verkar på utval, eller viss det ikkje er noko utval, på heile laget. Handtaket i bruk er større enn dei andre handtaka. Når musepeikaren er over eit handtak endrar ikonet seg til eit bilete som viser handlinga.

Når du klikkar og drar eit handtak, vert det utført ein transformasjon. Dei andre handtaka vert ståande på staden:

4.11.1. Slik slår du på verktøyet

Du kan slå på verktøyet på mange måtar:

  • Frå hovudmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøyaHandtakstransformering.

  • Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassen.

  • Med snarvegen Shift+L.

4.11.2. Valtastane

Shift

Trykk Shift og trykk på eit handtak for å flytta det.

Ctrl

Trykk Ctrl og trykk på eit handtak for å fjerna det.

4.11.3. Innstillingar

Figur 14.121. Innstillingar for «Handtakstransformering»

Innstillingar for «Handtakstransformering»

Du kan få opp verktøyinnstillingane ved å dobbeltklikka på verktøysymbolet i verktøykassen:

Transformer, Retning, Interpolering, Klipping, Vis førehandsvising av biletet, Hjelpelinjer
Dekkevne for biletet

Slik set du dekkevna for førehandsvisinga

Handtaksmodus

Desse alternativa er omtalte i bolken om å endra tastane.