7.2. Redigering av verktøyforvala

Figur 15.117. Redigering av verktøyforvala

Redigering av verktøyforvala

7.2.1. Aktivering

Du har tilgang til denne menyen via

  • eit klikk på knappen Rediger forvalet for dette verktøyet i knapperada i vindauget for verktøyforvala.Dialog.

  • ved å dobbeltklikka på eit forvalsikon i dialogvindauget for verktøyforvala.

  • høgreklikka på eit forval i vindauget for verktøyforvala for å opna ein sprettoppmeny og deretter klikka på Rediger verktøyforvalet.

  • eit klikk på knappen Lagra verktøyforvala… i dialogvindauget for Verktøyinnstillingane.

7.2.2. Å bruke editoren for verktøyforvala

Du kan redigera berre dei forvala du har laga sjølv, ikkje dei som er installerte saman med programmet. Når du lagrar eit forval, vert det lagra i den første mappa som kan skrivast til i Tool Presets i Mappepreferansar.

I dette dialogvindauget kan du:

  • redigere namnet på forvalet i tekstboksen,

  • endre ikon for forvalet ved å trykke på ikonet for forvalet. Dette vil opne eit vindauge der du kan velje ikon.

  • velje kva eigenskapar som skal lagrast ved å klikke i avmerkingsboksane.

  • Nedst i dialogvindauget er det ein knapp for å lagra innstillingane for det gjeldande forvalet og ein knapp for å tilbakestilla valet om du angrar på innstillingane.

7.2.3. Sprettoppmenyen for redigeringa av verktøyforvala

Dialogvindauget for å redigera verktøyforvala har ein sprettoppmeny som kan opnast ved å trykkja på den vesle trekanten i menyen og deretter velja Redigeringsmeny for forvala . På same måten som dei to knappane for å lagra og tilbakestilla nemnde ovanfor, har denne berre eitt val.

Rediger aktivt verktøyforval

Når denne er slått på, vil redigeraren for verktøyforvala automatisk lasta inn innstillingane for det gjeldande verktøyet. Viss det ikkje er slått på, vil innhaldet i redigeraren ikkje endra seg når det gjeldande forvalet vert endra.