Dette vindauget viser eit samla oversyn over dei gjeldande innstillingane i verktøykassa for kvar av inn-einingane du har kopla til maskinen. Dette kan vere datamusa, som i vindauget er kalla «Core pointer», eller anna utstyr du måtte ha tilgjengeleg. Verktøyinnstillingane er representerte med vanlege symbol for forgrunns- og bakgrunnsfarge, pensel, mønsterelement og fargeovergang. Utanom for fargane, vil eit klikk på symbola opna eit vindauge der du kan forandra innstillingane. Verktøykassa vert oppdatert for å vise forandringa. Du kan dra og sleppe einingar i denne dialogen.
Knappen ) nedst i dialogvindauget gjer det same som knappen i menyen .
Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».
From an image menu:
→ → .From the Tab menu in any dialog:
→