4.7. Å forandra biletmodus

Som så mykje anna vert også bilete brukte i mange ulike utgåver og tener mange ulike føremål. Av og til er det viktig å gjera biletet så lite som råd er (t.d. for Internett), andre gonger kan høg fargeintensitet vera hovudmålet (t.d. i familieportrett). GIMP kan faktisk greia dette og meir til, ved å omforma bileta mellom tre fundamentale hovudmodus via BileteModusi hovudmenyen. Dei tre hovudmodusa er:

RGB: Dette er normalmodus brukt for bilete av høg kvalitet og kan visa millionar av fargar. Dette er også modusen som vert brukt for det meste av set du gjer med biletet, som skalering, klipping og til og med spegelvending. I RGB-modus er kvar piksel sett saman av tre ulike komponentar: R for Raudt, G for Grønt og B for Blått. Kvar av desse komponentane kan ha ein verdi mellom 0 og 255. Resultatfargen for pikselen er summen av verdiane for desse tre komponentane.

Indeksert Denne blir gjerne brukt når filstorleiken er viktig eller når biletet har få fargar. Indeksert modus kan ha opp til 256 ulike fargar. Når du endrar ei bilete til indeksert modus, vil GIMP normalt generere ein optimal fargepalett for å få det beste resultatet.

Figur 3.26. Dialogvindauget «Konverter biletet til indekserte fargar»

Dialogvindauget «Konverter biletet til indekserte fargar»

Sidan informasjonen som trengst for å representera fargane for kvar piksel er mindre, vert filstorleiken også mindre. Nokre gonger er vala du har i ulike menyar gråa ut og altså slått av utan tydeleg grunn. Dette tyder at filteret eller valet ikkje kan brukast når biletet er indeksert. Du kan løysa dette ved å endra modus til RGB, som nemnd ovanfor, Dette kan gjerast like enkelt via LagGjennomsiktLegg til alfakanal.

Gråskala: Gråskalabilete inneheld ingen fargar, berre ulike grader av grått. Moduset vert ofte brukt til spesielle føremål og tar dessutan som regel mindre plass på harddisken enn andre modus. Ikkje alle former for utstyr kan lesa gråskalabilete.

Dersom du lagrar i filformat som berre kan innehalda eit bestemt modus, treng du ikkje å konvertera eit bilete til eit bestemt modus før du lagrar det. GIMP ordnar dette for deg og vil eventuelt eksportera biletet i høveleg modus for formatet.