Kapittel 4. Kva du kan gjera når du står fast

Innhald

1. Innleiing
2. Vanlege årsaker til at GIMP ikkje reagerer
2.1. Det er eit flytande utval i biletet
2.2. Utvalet er usynleg
2.3. Du arbeider utanfor utvalet
2.4. Teikneflata er usynleg
2.5. Det aktive laget er gjennomsiktig
2.6. Du prøver å arbeide utanfor laget
2.7. Du prøver å arbeida på ei laggruppe
2.8. Biletet er i indeksert fargemodus.
2.9. Ingen synleg effekt når du brukar pensel, viskelêret eller andre verktøy
2.10. Ingen synleg effekt når du brukar flytteverktøyet, rotering eller andre transformeringsverktøy
2.11. Viskeleret og penslane verkar ikkje
2.12. Viskelêret gjer ikkje området gjennomsiktig
2.13. Uventa fargar når du brukar ein pensel eller viskelêret
2.14. Beskjeringsverktøyet etterlet seg eit tomt område
2.15. Eg har venta lenge, men GIMP reagerer ikkje
2.16. Generelle retningslinjer om kva du bør kontrollera om du står fast
3. Korleis fiksa manglande vindauge og dialogvindauge
3.1. Alle verktøyvindauga manglar
3.2. Dialogvindauget for verktøyinnstillingane manglar
3.3. Nokre verktøyikon manglar
3.4. Området øvst som viser det opna biletet manglar
4. Korleis fiksa problem med å eksportera bilete
4.1. Eg eksporterer til eit jpeg-bilete og dei gjennomsiktige områda vert kvite eller svarte
4.2. Eg eksporterer til gif, men fargane vert endra

1. Innleiing

Ja vel, så står du bom fast. Du har prøvd å bruka eitt av verktøya på biletet og ingenting skjer og ingenting anna av det du prøver verkar. Du er i ferd med å knyta hendene, og kinna heitnar. Er einaste utvegen å avslutta programmet og såleis mista alt du har strevd så hardt med? Dette suger!

Prøv likevel å roe han av eit sekund. Dette, altså at ting går i stå, er noko som skjer av og til, også for folk som har lang røynsle med GIMP. Som oftast er det ikkje så vanskeleg å finna ut av, og å reparera, feilen dersom du veit kva du skal sjå etter. Så ta det roleg og kikk gjennom sjekklista. Truleg vert du om ei kort stund atter ein glad og lukkeleg brukar av GIMP.