5.9. Full skjerm

Kommandoen Full skjerm vert brukt for å veksla mellom å visa biletet på heile skjermen og i normal storleik. I fullskjermmodus vil biletvindauget ta opp heile skjermen, men biletet vert uforandra. Dersom menylinja forsvinn, kan du høgreklikka på biletet for å få ho fram igjen. Du kan bestemma ein del verdiar for fullskjermvisinga i dialogvindauget for brukarinnstillingar.

Du kan slå av og på visinga av alle tilgjengelege samlevindauge ved å trykke på Tab-tasten.

[Notat] Notat

Dersom du brukar GIMP på ein Apple Macintosh maskin, kan det hende at kommandoen «Full skjerm» ikkje verkar. Dette fordi Apple ikkje har dei nødvendige funksjonane for dette. I staden kan du maksimera biletvindauget ved å trykkja på knappen Green Button.

5.9.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet frå hovudmenyen via VisFull skjerm,

  • med snarvegen F11.

  • I multivindauge-modus kan du også få det fram ved å dobbeltklikke i tittellinja i biletvindauget.