6.19. Utsjånaden til biletvindauget

Figur 15.104. Innstillingar for biletvindauget

Innstillingar for biletvindauget

Ved hjelp av denne sida kan du tilpassa normalvisinga av biletvindauget etter eigne ønskje, for normal modus og for vising på full skjerm. Alle innstillingane her kan endrast for kvart bilete frå «Vis»-menyen.


Det einaste som krev forklaring her er innstillingane som er relaterte til fyll. «Fyll» er den fargen som vert vist rundt biletet dersom det ikkje fyller ut heile vindauget. Du kan her velja mellom fire fargar for utfyllingsfargen: fargen frå det aktuelle temaet du har vald, den lyse eller den mørke fargen som vert brukt på sjakkbrettmønsteret som representerer gjennomsikt, eller ein eigendefinert farge som du kan velje ved å bruke fargeknappen etter «Eigendefinert lerretfarge».

Behald lerretutfylling i vis alle modus: i denne modusen (Del 5.3, «Show All») kan du sjå pikslar utføre lerretet. Når det ikkje er merkt av for dette valet, vert området utføre lerretet fylt med eit sjakkbrettmønster også om du har vald ein tilpassa utfyllingsfarge. Når det er merkt av for dette, har lerretet den tilpassa utfylllingsfargen.

Figur 15.105. Eksempel

Eksempel

Utfyllingsfargen er gul. «Behald lerretutfyllinga» er ikkje merkt av.

Eksempel

Utfyllingsfargen er gul. Det er merkt av for «Behald lerretutfyllinga».