5.2. Ny vising

Kommandoen Ny vising opprettar eit nytt biletvindauge med det aktive biletet i. Du kan laga fleire visingar av eit bilete. Kvar vising vert nummerert automatisk med .1, .2 osv. i tillegg til biletnamnet. Desse bileta representerer ikkje nye biletfiler, men ulike framsyningar av den same fila. Alle endringar du gjer i eitt av bileta, vert også viste i dei andre vindauga. Det einaste som kan vera forskjellig i dei ulike vindauga, er korleis dei vert viste på skjermen. Denne kommandoen kan vera nyttig når du arbeider på pikselnivå og gjerne vil ha eit auge med korleis biletet ser ut i normal storleik.

5.2.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet frå hovudmenyen via VisNy vising.