2.5. Inversjon lagmodus

«Inverteringsgruppa» inneheld lagmodus som inverterer fargane på ein eller annan måte.

Differanse

Figur 8.32. Eksempel på lagmodus «differanse»

Eksempel på lagmodus «differanse»

Topplaget med 100 % dekkevne med «Differanse»-modus.


I modus Differanse vert pikselverdiane i det øvre laget trekte frå dei tilsvarande verdiane i det nedre laget. Sluttverdien er den absolutte verdien av differansen. Du kan bruka denne modusen for å samanlikna to lag. Viss deu er identiske, vert resultatet null (svart), elles viser resultatet variansen av toneverdiane i kvar piksel. Ein kvit forgrunn inverterer bakgrunnen, medan ein kvit bakgrunn inverterer forgrunnen.

Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.

Utelukking

Figur 8.33. Eksempel på lagmodus «Utelukking»

Eksempel på lagmodus «Utelukking»

Topplaget med 100 % dekkevne og «utelukking»-modus.


Utelukking-modus inverterer dei lyse områda i det andre laget. Mørke område vert ikkje endra. Denne modusen liknar såleis differanse-modusen, men reduserer kontrasten i middels grå verdier i det respektive andre laget, i ekstreme tilfelle opp til null.

Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.

Subtraksjon

Figur 8.34. Eksempel på lagmodus «subtraksjon»

Eksempel på lagmodus «subtraksjon»

Topplaget med 100 % dekkevne med «subtraksjon»-modus.


I modus Subtraksjon vert pikselverdiane i det øvre laget trekt i frå (subtrahert) dei tilsvarande pikselverdiane i laget under. Som oftast vert resultatet eit mørkare bilete med svært mykje svart, eller nær svart.

Trekk ut korn

Figur 8.35. Eksempel på lagmodus «trekk ut korn»

Eksempel på lagmodus «trekk ut korn»

Topplaget med 100 % dekkevne med «Trekk ut korn» modus..


Modus Trekk ut korn er tenkt brukt for å trekkja ut «filmkorna» frå eit lag for å produsera eit nytt, kornete lag, men kan også vere brukbar for å laga relieffliknande overflate. Verkemåten er å trekka piksleverdiane i det øvre laget frå verdiane i laget under og deretter leggja til 0,5.

Flett korn

Figur 8.36. Eksempel på lagmodus «flett korn»

Eksempel på lagmodus «flett korn»

Topplaget med 100 % dekkevne med «Flett korn»-modus.


Flett korn flettar eit kornete lag, t.d. laga med modus «Trekk ut korn», saman med det gjeldande laget slik at dette vert kornete. Dette er det motsette av å «Trekkja ut korn». Pikselverdiane for dei to laga vert lagt saman og deretter vert det trekt 0,5 frå den samanlagte verdien.

Divider

Figur 8.37. Eksempel på lagmodus «divider»

Eksempel på lagmodus «divider»

Topplaget med 100 % dekkevne med «Divider» modus.


I modus Divider vert kvar pikselverdi i det nedre laget dividert med tilsvarande pikselverdi i det øvre laget (men unngår å dividera med null). Gjev som oftast eit lysare bilete som av og til kan sjå noko «utbrend» ut.