Dette programtillegget vert brukt for å spela av ein animasjon frå eit bilete med fleire lag. Dette kan lagrast i GIF-, MNG- eller endåtil i XCF-format.
Dette dialogvindauget inneheld :
Førehandsvisinga tilpassar seg automatisk etter rammestorleiken i biletet. Nummeret til den viste ramma vert vist i ruta under førehandsvisinga.
Dei følgjande knappane er tilgjengelege over førehandsvisinga:
Dette spelar av eller stoppar animasjonen.
Dette spelar av animasjonen baklengs steg for steg.
Dette spelar av animasjonen steg for steg.
Dette spolar animasjonen tilbake til byrjinga.
Dette koplar animasjonen frå dialogvindauget.
Dette lastar inn animasjonen igjen. Nyttig viss det er gjort endringar.
Desse nedtrekkslistene er tilgjengelege under førehandsvisinga:
Dette kan vera
for å visa alle rammer så langt oppå kvarandre, eller for å visa berre den siste ramma.Her kan du setja kor fort animasjonen skal visast.
Dette let deg setja kor mange rammer som skal visast per sekund når du spelar av animasjonen.
Dette gjev deg høve til å setja kor mykje animasjonen skal forstørrast eller forminskast.