Det vert brukt for å fjerna loddrette stripe laga av dårlege skannarar. Det fungerer ved å leggja til eit mønster som blandar seg med biletet og fjernar striper viss innstillange passar. Dette «negative» mønsteret vert rekna ut frå loddrette element i biletet, så du bør ikkje verta overraska om førehandsvisinga syner striper på eit bilete som ikkje har striper. Set du mønster-«styrken» for høgt, vert det også striper.
Viss ei stripe er der framleis etter første gjennomkøyring, kan du gjera eit rektangulært utval av området og bruka filteret på nytt. (Alle andre utvalstypar vil stort sett gjera resultatet verre).
Viss denne er avmerkt, vert resultata av parameterinnstillingane viste i førehandsvisinga. Du kan flytta rundt i biletet med rulefelt.
Dette «histogrammet» er eit svart-kvitt-bilete som viser interferensmønsteret meir leseleg.
Du kan setja «styrke» (2 - 100) på filteret med glidebrytar eller innskrivingsboksen: Meir enn 60 er sjeldan nødvendig og kan i tillegg laga falske indikasjonar.