8.48. Retinex

8.48.1. Oversyn

Figur 16.205. Eksempel på bruk av retinex

Eksempel på bruk av retinex

Det opphavlege biletet

Eksempel på bruk av retinex

Filteret «Retinex» brukt. Legg merke til dei nye detaljane i det øvre, høgre hjørnet.


«Retinex» forbetrar den visuelle framstillinga av eit bilete tatt under dårlege lystilhøve. Menneskeauget kan tilpassa seg og oppfatta fargar nokså korrekt sjølv i lite lys. Digitale kamera er derimot dårlege på dette. Difor er det utvikla ein del matematisk algoritmar som prøver å forbetra resultata frå kamera. Ein av desse er MSRCR (MultiScale Retinex with Color Restoration) som er inspirert av, og prøver å etterlikna, dei biologiske prosessane i auget. Ordet «retinex» er sett saman av «retina» (netthinne) + «cortex» ((hjerne)hinne).

Utanom i digitale foto vert Retinex-algoritmen også nytta for å gjera informasjonen i astronomiske bilete og satellittbilete meir synleg og til å forbetra strukturen i røntgenbilete og medisinske skanningar.

[Notat] Notat

Denne kommandoen verkar berre på RGB-bilete. Viss biletet er i gråtone eller er indeksert, er denne menyoppføringa slått av.

8.48.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til filteret frå hovudmenyen under FargarTonetilordningRetinex ….

8.48.3. Innstillingar

Figur 16.206. Innstillingane for filteret «Retinex»

Innstillingane for filteret «Retinex»

Desse alternativa krev innsikt som berre matematikarar og biletingeniørar kan forstå. I praksis må brukaren prøva ulike innstillingar for filteret og studera resultatet etter kvart i førehandsvisinga. Forklaringa nedanfor bør likevel hjelpe den erfarne GIMP-brukaren litt.

Nivå

Utviklaren av dette programtillegget skriv på nettsida si ([PLUGIN-RETINEX]): «For å karakterisera fargevariasjonane og lyskjelda vert det gjort ein skilnad i intensiteten mellom dei (gaussiske) filterresponsane ved å setja ulike skalaer. Desse parametrane gjer det mogleg å spesifisera korleis du skal fordela verdiane mellom minimum skalaverdi (sigma 2,0) og maksimum (der sigma er lik biletstorleiken)».

Einsarta

Gjer at område med høg og låg intensitet vert handsama nokolunde likt.

Lågt

Til vanleg vil dette valet «lysa opp» område med låg intensitet i biletet.

Høgt

Ser ut til å «gløyme» område med låg intensitet i favør av ei betre utteikning av dei klårare områda i biletet.

Skalering

Bestemmer djupna på retinexskalaen. Minimumsverdien 16 lagar ei grov, uraffinert filtrering. Maksimumsverdien er 250. Optimal og normal innstilling er sett til 240.

Skaler divisjon

Bestemmer kor mange gonger Retinexfilteret skal køyrast. Det vert tilrådd å bruka tre gjennomkøyringar, noko som også er minimum. Med ei eller to gjennomkøyringar, mistar ein mykje av effekten og ender opp med ei enkel Retinexfiltrering. Høge verdiar vil ofte generera støy i biletet.

Dynamikk

Sidan MSR-algoritmen har ein tendens til å gjera biletet lysare, kan du justera fargemetninga med denne glidebrytaren. Ein høgare verdi betyr mindre fargemetning. Effekten er svært avhengig av innhaldet i biletet, så her er det best å prøva seg fram med ulike verdiar.