14.2. Flamme

14.2.1. Oversyn

Figur 17.321. To eksempel på bruk av filteret «flamme»

To eksempel på bruk av filteret «flamme»
To eksempel på bruk av filteret «flamme»

Eksempel på bruk av filteret


Flammefilteret lagar merkverdige, tilfeldige fraktalmønster. Du har ikkje same kontrollen med dette filteret som du har med filteret IFS-fraktal, men så er det enklare å bruka. Du kan styra slumpgeneratoren og velja mellom fleire ulike tema.

[Åtvaring] Åtvaring

Uheldigvis verkar dette filteret ikkje på store bilete. Utviklaren er diverrre ikkje med oss lenger, så det ser ikkje ut til at det er noko rask løysing i sikte.

[Notat] Notat

Dette programtillegget vart gjeve til GIMP i 1997 av Scott Draves, som har opphavsrett til filteret. Du kan finna ein omtale av programtillegget, godkjent av han, på [PLUGIN-FLAMES].

14.2.2. Aktivering av filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterTeikningarFraktalarFlamme….

14.2.3. Innstillingar

Figur 17.322. Innstillingane for filteret «Flamme»

Innstillingane for filteret «Flamme»

I hovuddialogvindauget kan du gje parameterar for Teikning og Kamera. Dei tre første parameterane i teikne-fana er Lysstyrke, Kontrast og Gamma. Resultatet av desse alternativa er synlege i vindauget for førehandsvising. Som oftast er det betre å halda seg til standardverdiane og korrigera biletet seinare med verktøy i menyen Fargar.

Dei andre tre parameterane påverkar teikneprosessen, og vert ikkje viste i førehandsvisinga. Den viktigaste av desse er punkttettleik, som kontrollerar oppløysinga i det teikna mønsteret. Ved hjelp av kameraparameterane kan du forstørra og forskyva flammemønsteret til du er nøgd med det du ser i førehandsvisinga. Du kan også lagra og henta fram vellukka flammemønster.

Rediger

Trykk på denne knappen for å få opp redigeringsvindauget:

Figur 17.323. Dialogvindauget for flammeredigering

Dialogvindauget for flammeredigering

Dette vindauget viser ni ulike bilete. Det gjeldande mønsteret vert vist i midten medan dei åtte omkringliggande bileta viser tilfeldige variasjonar av dette mønsteret. Klikkar du på biletet i midten, vert det laga åtte nye, tilfeldige mønster. Mønsteret i dei åtte bileta kan endrast ved å bruka glidebrytaren Fart. Dersom du klikkar på eit av dei åtte bileta, vert dette flytt til midten og vert det aktive mønsteret. I nedtrekksmenyen Variasjonar kan du velja mellom fleire ulike tema for å laga fraktalane. Endeleg kan du trykkja knappen Slump for å laga nye, tilfeldige forslag.

Opna

Trykk på denne knappen for å hente inn tidlegare lagra innstillingar for dette filteret.

Lagra

Trykk på denne knappen for å lagre den gjeldande innstillinga for dette filteret.

Teikning

Lysstyrke

Med denne glidebrytaren bestemmer du kor mørkt (0,0) eller lyst (5,0) mønsteret skal vere.

Kontrast

Med denne glidebrytaren bestemmer du kontrasten i mønsteret. Skala 0,0 til 5,0.

Gamma

Med denne glidebrytaren bestemmer du gammaverdien (ein fargekorreksjon i mellomtonene) i mønsteret. Skala 1,0 til 5,0.

Punkttettleik

Denne glidebrytaren kontrollerar oppløysinga i mønsteret. Verknaden er ikkje synleg i førehandsvisinga. Ein høg verdi resulterer i ei mjuk, edderkoppnettliknande teikning, medan ein låg verdi gjer at teikninga minner meir om maling med sprayboks eller partikkelskyer.

Overteikning i rommet

Kva gjer denne?

Radius for romfilteret

Kva gjer denne?

Fargekart

I denne menyen kan du velja mellom ulike måtar å fargeleggja flammemønsteret:

  • Den fargeovergangen som er vist i verktøykassa.

  • Ein del ferdigdefinerte fargekart.

  • Fargane frå eit bilete som var opna då filteret vart aktivert.

Kamera

Forstørring og forminsking

Denne glidebrytaren vert brukt for å forstørra eller forminska flammemønsteret.

X, Y

Vert brukte for å flytta flammemønsteret rundt om i biletet.