6.5. Gradientrefleks

6.5.1. Oversyn

Figur 17.111. Eksempel på bruk av filteret «Gradientrefleks»

Eksempel på bruk av filteret «Gradientrefleks»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Gradientrefleks»

Filteret «Gradientrefleks» brukt


Dette filteret imiterer dei, som oftast uønskte, refleksane du kan få i objektivet når du fotograferer mot sola eller ei anna skarp lyskjelde. Filteret har tre komponentar: Glød, som er den sentrale sirkelen, stråler og sekundærrefleksar.

6.5.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterLys og skuggeGradientrefleks….

6.5.3. Innstillingar

Fana Innstillingar inneheld ein del parameterar som du kan setja manuelt etter behov. Fana Utval inneheld ei liste over ferdiginnstilte filter som du kan velja mellom.

Førehandsvising

Dersom det er markert for Automatisk førehandsvising vert verknadane av parametera du skriv inn viste i førehandsvisinga. Sjølve biletet vert ikkje påverka før du trykkjer på knappen OK.

6.5.3.1. Innstillingar

Figur 17.112. Innstillingane for filteret «Gradientrefleks»

Innstillingane for filteret «Gradientrefleks»

Sentrum

You can set X and Y (pixels) coordinates of glint using the input box or by clicking into the preview. The coordinate origin is at the upper left corner.

Parameter
Radius

Effektradiusen. Glidebrytaren har eit avgrensa området for moglege verdiar, men du kan skriva inn større verdiar i innskrivingsboksen.

Rotasjon

Snu effekten.

Fargerotasjon

Endre fargen for effekten.

Vektorvinkel

Snu sekundærrefleksen.

Vektorlengde

Bestemmer kor lange sekundærrefleksane skal vere.

Adaptiv utjamning

Dersom denne er avmerkt, kan du bestemma Maks djupn og Terskel-verdi for kantutjamninga. (Sjå Superutjamning ).

6.5.3.2. Utval

Figur 17.113. Innhaldet i fana «Utval» i filteret «Gradientrefleks»

Innhaldet i fana «Utval» i filteret «Gradientrefleks»

I denne fana kan du velja eit gradientrefleksmønster for å endra det og lagra det.

Ny

Klikkar du på denne knappen, vert det laga eit nytt gradientrefleksmønster. Skriv inn namnet på det nye mønsteret.

Rediger

Eit trykk på denne knappen opnar gradientreflekshandsamaren. (Sjå meir om dette nedanfor).

Kopier

Bruk denne knappen når du vil duplisera valde gradientrefleksmønster. Du kan redigera kopien utan å endra originalen.

Slett

Trykk på denne knappen for å fjerne det merkte gradientrefleksmønsteret.

6.5.4. Gradientreflekshandsamaren

Også handsamaren for gradientrefleksar inneheld faner:

6.5.4.1. Generelt

Figur 17.114. Generelle innstillingar for «gradientreflekshandsamaren»

Generelle innstillingar for «gradientreflekshandsamaren»

Innstillingane for glød
Dekkevne

Her bestemmer du kor mykje «gløden», dvs. ringen i midten, skal vere synleg. Frå 0 til 100 %.

Teiknemodus

Du har valet mellom fire modus:

Normal

Gløden legg seg oppå biletet utan å ta omsyn til fargane under.

Legg til

RGB-verdiane for pikslane i gløden vert lagt til RGB-verdiane for dei tilsvarande pikslane i biletet. Fargane vert lysare, og det kan også oppstå kvite område i gløden.

Legg over

Lyse og mørke område i gløden forsterkar tilsvarande lyse og mørke område i biletet.

Skjerm

Mørke område i biletet vert opplyste av dei tilsvarande lyse områda i gløden. Dette vert omlag som å visa to lysbilete på same skjermen.

Innstillingar for teiknig av stråler

Innstillingane er dei same som for glød-teikning.

Innstillingar for den andre refleksen

Innstillingane er dei same som for glød-teikning.

6.5.4.2. Glød

Figur 17.115. Innstillingane for «Glød» i «Gradientreflekshandsamaren»

Innstillingane for «Glød» i «Gradientreflekshandsamaren»

Fargeovergang

Når du klikkar på denne knappen kjem det fram ei lang liste over tilgjengelege fargeovergangar. Dei overgangane som byrjar med «%» høyrer til redigeraren.

Radiell fargeovergang

Den valde overgangen vert teikna radielt ut frå sentrum mot kantane.

Vinkla fargeovergang

Den valde overgangen vert rotert rundt sentrum i retning mot klokka med start klokka tre dersom Rotasjon er sett til 0. Radielle og vinkla fargeovergangar vert kombinerte på same måte som i multipliser-modus, dvs. at lyse område vert forsterka og fargane blanda etter fargesystemet CMYK.

Fargeovergang for vinkla storleik

Forma på effekten vert bestemt av lysstyrkane (luminiteten) i den valde fargeovergangen. Ein lysstyrke på 0, dvs. svart farge, gjev radius 0 % medan ein lysstyrke på 100 % (kvit) gjev ein radius på 100 %.

Parameter
Storleik (%)

Glødstorleik i prosent (0 – 200).

Rotasjon

Bestemmer kvar rotasjonsovergangen skal byrja. Skalaen går frå -180° til 180° med 0° tilsvarande klokka tre.

Fargerotasjon

Bestemmer glødfargen i høve til HSV fargesirkelen (-180 – +180). (Sjå triangelfargeveljaren.)

6.5.4.3. Stråler

Figur 17.116. Innstillingane for «Stråler» i «Gradientreflekshandsamaren»

Innstillingane for «Stråler» i «Gradientreflekshandsamaren»

Fargeovergang

Innstillingane er dei same som for glød.

Parameter

Dei første tre vala er dei same som for glød. Dei to nye er:

Talet på stråler

Her bestemmer du kor mange stråler, frå 1 til 300, som skal brukast og teksturen deira.

Strålebreidde

Her bestemmer du, på ein skala frå 1 til 100, breidda på strålene. Breie stråler minner om kronblad på blomster.

6.5.4.4. Sekundærrefleks

Figur 17.117. Innstillingane for «Sekundærrefleks» i «Gradientreflekshandsamaren»

Innstillingane for «Sekundærrefleks» i «Gradientreflekshandsamaren»

Fargeovergang

Innstillingane er dei same som for glød.

Parameter

Innstillingane er dei same som for glød.

Form på sekundærrefleksen

Sekundærrefleksen er «satelittar» til hovudrefleksen, og kan ha to former: sirkel og polygon. Dersom du vel polygon, kan du bestemmer kor mange sider mangekanten skal ha. Av ein eller annan grunn vert mangekant med 1 side godkjent, men ikkje ein med 2 sider.

Tilfeldig frø

Slumpgeneratoren brukar denne verdien som utgangspunkt for å laga tilfeldige tal. Du kan bruka den same verdien fleire gonger for å få same «tilfeldige» sekvensen fleire gongar.

Slump

Når du klikkar på denne knappen, vert det laga eit tilfeldig startfrø for slumgeneratoren. Du vil for kvart trykk få eit nytt, tilfeldige tal.