Figur 16.41. Eksempel på bruk av «Forvreng» på eit utval
Eit bilete med eit utval
Utvalet er forvrengt (normalverdiane)
Kommandoen «Forvreng» gjer omrisset av utvalet meir eller mindre ujamnt.
Ved hjelp av denne kommandoen kan du bestemme kor stor forvrenginga skal verta. Det er uråd å vite korleis resultatet vert, så her er det berre å prøva seg fram.
Ein høg grenseverdi vil gjere det forvrengte området mindre, medan ein lågare grenseverdi vil gjere utvalet større.
Dersom det gjeldande utvalet har ei regelrett form, dvs. er eit rektangel- eller ellipseutval, vil dette valet bestemme om det nye omrisset er mest på innsida eller mest på utsida av det opphavlege utvalet.
Ei høg spreiing vil auke forvrenginga.
Ei høg korning vil gjere forvrenginga større.
Ei høg utglatting vil gjere forvrenginga mindre.
Dersom Glatt ut horisontalt og Glatt ut vertikalt vert deaktiverte, vil dette auke forvrenginga.