6.13. Xach-effekt

6.13.1. Oversyn

Figur 17.144. Eksempel på bruk av filteret «Xach-effekt»

Eksempel på bruk av filteret «Xach-effekt»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Xach-effekt»

Eksempel på bruk av filteret


Dette filteret legg til ein gjennomskinleg 3D-effekt i utvalet eller alfakanalen. 3D-effekten vert laga med

  1. Ved å leggja inn høglys ved hjelp av eit nytt lag («Highlight») over det aktive laget. Dette laget vert fylt med den valde høglysfargen. Deretter vert det lagt til ei lagmaske i det nye laget for å gjera pikslane i laget delvis gjennomsiktige.

    Høglyslaget med lagmaska

  2. Høglyslaget vert utvida på anten venstre og øvre kant eller høgre og nedre kant. Dei utvida områda vert malt med høglysfargen og får full dekkevne.

  3. Oppretting av slagskugge nede til høgre i utvalet.

Du kan sjølvsagt forandra innstillingane og for eksempel bruka ulike fargar for høglyset og skuggen, eller forandra retninga og mengda av forskyvingane.

6.13.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterLys og skuggeXach-effekt.

6.13.3. Innstillingar

Filteret har to innstillingsgrupper. Kvar av dei kontrollerer høglyset eller skuggen. Dessutan ein kontrollboks for å setja oppførsla til utvalet.

Figur 17.145. Innstillingane for filteret «Xach-effekt»

Innstillingane for filteret «Xach-effekt»

X-forskyving høglys, Y-forskyving høglys

Desse forskyvingane bestemmer breidda på dei kantane som skal malast med høglysfargen. Dersom forskyvinga er mindre enn 0 (normalinnstillinga) vil den venstre (X-forskyving < 0) og den øvre kanten (Y-forskyving < 0) vert farga. Er verdiane større enn 0 vert den venstre kanten (X-forskyving > 0) eller den nedre kanten (Y-forskyving > 0) farga.

Farge på høglyset

Dette er høglysfargen som vert brukt på dei valde områda. Normalinnstiullinga er kvit, men du kan skifte farge ved å klikka i fargeruta for å få fram fargeveljaren.

Dekkevne for høglyset

Denne glidebrytaren bestemmer kor gjennomsiktig det valde området skal vere. Sidan dette vert gjort ved hjelp av ei lagmaske, går området for glidebrytaren frå 0 (full gjennomsikt) til 255 (full dekkevne).

Normalinnstillinga er sett til 66, som tilsvarar 26 %.

Innstillingane for slagskuggen

Desse innstillingane verkar på same måte som innstillingane for filteret slagskugge, men utan å endra storleiken:

Farge på slagskuggen

Klikk på knappen for å opna fargeveljaren.

Dekkevne for slagskuggen

Dekkevna (0% - 100%) for laget som inneheld slagskuggen.

Sløringsradius for slagskuggen

Radius brukt av filteret Gaussisk sløring og vert lagt til i skuggen.

X-forskyving av slagskuggen, Y-forskyving av slagskuggen

Lengda og retninga som skuggen vert flytt frå utvalet.

Behald utvalet

Dersom denne er avkryssa, vil det aktive utvalet også vere det aktive utvalet etter at filteret er brukt.