JPEG-filene har til vanleg endingane .jpg, .JPG eller .jpeg, og er mykje brukt fordi metoden som vert nytta for å komprimera filene gjev eit svært godt resultat utan at det går særleg merkbart ut over kvaliteten. Ingen andre format kjem opp mot JPEG på dette området. Ulempen er at formatet ikkje støttar gjennomsikt, og heller ikkje samansette lag.
Algoritmen for JPEG er eigentleg nokså kompleks, men heldigvis treng du ikkje bry deg om anna enn å justera kvaliteten, og dermed kompresjonen. Resten er for JPEG-ekspertane.
Når du eksporterer eit bilete i JPEG-format, dukkar det opp eit dialogvindauge der du kan setja kvalitetsnivået på ein skala frå 1 til 100. Mellom 95 og 100 er det liten skilnad i kvaliteten. Normalverdien er 90, men ofte kan du setja verdien mykje lågare utan å gjera kvaliteten merkbart dårlegare. Dette kan du kontrollera ved å markera for Førehandsvising i biletvindauget. Du endrar ikkje noko på sjølve biletet før du lagrar det, så metoden er trygg.
Notat | |
---|---|
Verdiskalaen for kvalitet er ikkje standardisert. Talet for kvalitet samsvarar ikkje alltid med tilsvarande tal i andre samanhengar. Kvalitet 80 i GIMP treng såleis ikkje vera det same som kvalitet 80 i eit anna program. |
Dersom det er lagt inn eigne kvalitetsinnstillingar (eller «kvantiseringstabell» ) i originalbiletet, kan du bruka denne i staden for standardinnstillingane.
Har du berre gjort nokre få endringar i biletet, vil du som oftast få nokså nær same kvalitet og fillengd når du brukar innstillingane frå biletet. Dette vil redusera tapa som kjem som følgje av kvantiseringa i høve til om du brukar andre innstillingar.
Dersom kvalitetsinnstillingane i det opphavlege biletet er dårlegare enn standardinnstillingane, vil kommandoen « Bruk kvalitetsinnstillingane frå originalbiletet » vera tilgjengeleg men uverksam. Dette for å sikra at du alltid får ein kvalitet som er minst like god som originalen.
Dersom denne er slått på, vert alle endringar i kvaliteten (ogalle andre JPG-parameterane) viste i biletvisinga. Biletet du arbeidar med vert ikkje påverka av dette. Så snart dialogvindauget vert lukka, vert biletet igjen vist i den opphavlege kvaliteten.
Litt om dei avanserte innstillingane:
JPG-komprimeringa lager ein del støy i biletet i form av hakkete kantar. Ved hjelp av glidebrytaren kan du bestemmar kor mykje støyen skal jamnast ut. Støyredusksjonen kan gjere biletet uskarpt.
Når dette alternativet er slått på vert biletbitane lagra i fila i ei rekkjefølge som tillét progressiv biletforbetring viss nettet er tregt. Det progressive alternativet for JPG har same føremålet som «interlace»-alternativet for GIF. Diverre lagar det progressive alternativet litt større JPG-filer (enn utan det progressive alternativet).
Notat | |
---|---|
Ver merksam på at enkelte eldre TV og fotorammer (og kanskje andre einingar) kanskje ikkje kan visa jpeg-bilete som er eksporterte med den progressive innstilling slått på (som er standard). |
Om eksporten skal gjerast med ein CMYK fargeprofil.
Aritmetisk koding er ei form for entropi-koding (eit tapsfritt datakomprimeringsskjema) som kan brukast ved eksport som JPEG. Bilete som brukar aritmetisk koding kan vera 5 - 10 % mindre. Men eldre programvare kan ha problem med å opna desse bileta.
Denne metoden gjer at det vert brukt optimaliserte parameter for mengdekoding («entropy encoding»). Dette vil som oftast resultere i ei mindre fil, men kan ta lang tid.
Denne vil leggja inn nokre merke i fila slik at dersom lastinga av fila vert avbroten, kan nedlastinga halde fram seinare frå siste nedlasta merke. Kan vera fornuftig ved store bilete.
JPEG-bilete vert lagra som ein serie av komprimerte kvadratiske fliser med namnet MCU (Minimum Coding Unit). Du kan setja storleiken (i pikslar) for desse flisene.
Auget vårt opfattar ikkje fargane likt gjennom heile fargespekteret. Komprimeringa kan bruka dette for å handsama fargar som auget oppfattar som nærliggande som identiske fargar. Du har tre alternativ:
1×1, 1×1, 1×1 (best kvalitet): Ofte referert til som (4:4:4). Gjev best kvalitet, bevarer kant- og kontrastfargar, men med mindre kompresjon.
2 × 1,1 × 1,1 × 1 (4:2:2): Dette er standardmellomsteget. Gjev som oftast eit godt forhold mellom biletkvalitet og filstorleik. I nokre tilfelle kan biletkvaliteten verta merkbar forbetra dersom ein ikkje brukar mellomsteg (4:4:4). Dette gjeld helst for bilete med fine detaljar, som f. eks. tekst på einsfarga bakgrunn eller nesten einsfarga bilete.
1×2,1×1,1×1: Dette er det same som (2×1,1×1,1×1), men med horisontal fargefletting i staden for vertikal. Som om nokon skulle ha rotert biletet.
2×2, 1×1, 1×1 (minste fil): (Ofte referert til som 4:1:1). Beste kompresjon. Passer for bilete med veike kantar, men tenderer til å gje unaturlege fargar.
DCT står for «Discrete Cosine Transform», og er første steget i JPEG-algoritmen. Dette er rein matematikk, og vala du har er «desimaltal», «heiltal» (normalinnstillinga) og «raske heiltal».
Desimaltal: Desimaltala er litt betre enn heiltala, men er merkbart seinare dersom maskinen din ikkje er utstyrt meg ein god matematikkprosessor. Metoden kan også gi eit litt varierande resultat frå maskin til maskin, medan metodane med heiltal skal gi same resultatet uavhengig av maskintype.
Heiltal: (normalinnstillinga) er raskare enn «desimaltal», men er ikkje så nøyaktig.
fast heiltal: Denne metoden er mykje meir unøyaktig enn dei andre to.
Du kan trykkja på lenkja «(rediger)» for å opna eit vindauge der du kan endra eller leggja til kva metadata som helst som skal leggjast til i biletet. Merk: Du må likevel slå på dei relevante innstillingane for å lagra metadata lista opp nedanfor.
Viss biletet du lasta har Exif, XMP eller IPTC metadata, må du velja kva metadata som skal behaldast når du eksporterer biletet.
Du kan også lagra fargeprofilen som ein tilpassa merknad i Bileteigenskapar og ta med ein miniatyr for førehandsvising ved eksport.