7.4. Dialogvindauget for utstyrstatus

Figur 15.136. Dialogvindauget for utstyrstatus

Dialogvindauget for utstyrstatus

Dette vindauget samlar dei gjeldande verktøyinnstillingane for kvar inndataeining: datamusa (namngjeve som «Virtual Core-peikar»), teiknebrett (som oftast vist som to einingar: ein penn og eit viskeler) eller andre peikeeiningar.

For kvar eining vert det vist fleire ikon som representerer den gjeldande innstillinga: det gjeldande verktøyet, forgunns- og bakgrunnsfargane, den gjeldande penselen, det gjeldande mønsterelementet, den gjeldande fargeovergangen for eininga. Klikkar du på eitt av ikona, vert det aktuelle dialogvindauget opna slik at du kan endra innhaldet. Du kan dra og sleppa element frå dette vindauget til biletet.

Nokre liker å ha dei same innstillingane for alt utstyret. Dette er mogeleg ved å endra innstillingane for Del verktøy og verktøyinnstillingane mellom inndataeiningane i fana Inndatautstyr i dialogvindauget for brukarinnstillingar.

[Notat] Notat

Det er ei kjent sak at byte mellom element ikkje verkar i Windows. Dette betyr at alle endringar i innstillingane vert viste i innstillingane for Virtual Core Pointer.

Knappen Lagra status for utstyret nedst i dialogvindauget gjer det same som knappen Lagra status for utstyret no i Inndataeiningar i brukarinnstillingane.

7.4.1. Opna dette dialogvindauget

Dette er eit dokkpanel som kan limast inn i andre dokkpanel. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogvindauge og dokkpanel».

  • Frå hovudmenyen: VindaugeDokkpanelStatus for inn-einingar.

  • Frå fanemenyen eint anna dialogvindauge: Legg til innlimingsvindaugeUtstyrstatus