Peikarar og teikneverktøy
Dette valet har berre meining dersom det er kryssa av for Vis markør for teikneverktøyet. Du har i tilfelle tre val: Verktøyikon, som i tillegg til markøren viser eit lite ikon som skal førestilla det aktuelle verktøyet. Verktøyikon med trådkors som i tillegg til markøren også viser eit trådkors som indikerer sentrum for verktøyet og Berre trådkors.
Dette valet bestemmer retninga på oeikaren. Standard er Høgrehendt. Når Venstrehendt er vald, vert peikaren spegelvendt vassrett.
Dersom det er kryssa av for dette valet, vil musepeikaren visa omrisset av det gjeldande verktøyet. Skulle det visa seg at GIMP får problem med å følgja med i penselflyttingane dine, kan du slå av denne funksjonen.
Dete krev at Vis penselkonturen er slått på. Når også denne er slått på, vil penselkonturen festa seg til kvart avtrykk når du teiknar. Desse avtrykka er der penselen teiknar på lerretet.
Dersom denne er avkryssa, vil musemarkøren vera synleg for teikneverktøya. Denne markøren kjem i tillegg til eventuelt penselomriss. Markørtypen bestemmer du i neste val.
Utvida inndatautstyr
Denne innstilinga er tilgjengeleg berre i Windows. Når du brukar ein berøringsskjerm eller ein penn på eit teiknebrett, kan GIMP samhandla med desse på to måtar i Windows. Desse innstillingane let velja kva for metode.
Generelt vil nyare teikneutstyr som Windows Ink vera den beste metoden. Viss dette ikkje verkar, prøv den eldre Wintab API.
Når dette er slått på, vert dei same verktøya og verktøyinnstillingane brukte av alle inndataeiningane. Det vert ikkje bytt verktøy når du byter inndataeining.
Du brukar denne knappen for å setja opp utstyr som er kopla til datamaskinen: teiknebrett, MIDI-tastatur eller anna utstyr. For eit digitalt teiknebrett kan dialogvindauget sjå slik ut:
Dersom du merkjar av for denne boksen, vil GIMP hugsa kva verktøy, farge og pensel du brukte sist du avslutta.
Dette lagrar dei gjeldande innstillingane for inndataeiningar straks.
Fjernar dei innstillingane du har gjort og set alt tilbake til normalinnstillingane.