Du kan bruka dialogvindauget for fargar for å handsama og plukka opp nye fargar. Du kan bruka det på fleire måtar. Det inneheld også ein fargeplukkar som du kan henta farge frå heile skjermen.
Dette dialogvindauget arbeidar anten på forgrunns- eller bakgrunnsfargen.
Dette er eit dokkpanel som kan limast inn i andre dokkpanel. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogvindauge og dokkpanel».
Du har tilgang til det:
frå hovudmenyen via
→ → ,frå fanemenyen i eit anna dialogvindauge ved å klikka på fana og velja → ,
eller frå verktøykassen ved å klikka på ruta for forgrunns- eller bakgrunnsfarge.
Dersom minst eitt dialogvindauge er ope, kan du i menyen løyste vindauge. Du kan i tilfelle løfta fargedialogvindauget frå hovudmenyen: → .
finna ei liste overØvst i dialogvindauget finn du mange ulike fargeveljarmodusar:
Med GIMP-fargeveljaren vel du ein farge ved å klikka på ei eindimensjonal stripe plassert på høgre side og deretter i eit todimensjonalt område til venstre. Den eindimensjonale stripa kan koda kvart av fargeparametrane H, S, V, R, G eller B som helst ut frå kva for ein av knappane som vert trykt. Det todimensjonale området kodar så for dei to komplementære fargeparametrane.
Dette er eit fargesystem som vert brukt ved utskrifter. Difor finn du det under knappen merka med ein skrivar. Du kan stille inn verdiane for C, M, Y og K med skyvebrytarar. Sjå meir om dette fargesystemet i ordlista under fargemodellen CMYK.
Denne fargeveljaren er litt annleis enn dei andre modellane. Prinsipper er at du endrar forgrunnsfargen ved å klikka på den rektangulære paletten. Viss for eksempel forgrunnsfargen er kvit, kan du gje denne ei raudtone ved å klikka i det raude området av fargekartet. Gjentatt klikking på same fargen vil forsterka effekten. Glidebrytaren heilt til høgre i vindauget bestemmer kor mykje fargen skal forandrast ved kvart museklikk. Dess høgare brytaren er sett, dess større vert forandringane ved kvart klikk.
Denne fargeveljaren brukar HSV -fargesirkelen. Du vel kulør ved å flytta ein liten fargering rundt på ein fargesirkel. Klikk deretter på triangelet og dra det rundt for å velja metning (loddrett) og lysverdi (vassrett).
Klikkar du på denne knappen, kjem det opp ei liste som viser palettdialogvindauget for den gjeldande paletten. Du vel for- eller bakgrunnsfargen ved å klikka på fargevisinga. Du kan også bruka piltastane for å flytta rundt i lista over fargar.
Dette dialogvindauget inneheld seks glidebrytarar som du kan bruka for å bestemma verdiane for fargekanalane R, G og B i RGB -systemet, og dessutan verdiane for H, S og V i HSV -systemet.
Nedst er fleire alternativ og verktøy tilgjengelege:
Symbolet som er sett saman av to piler vert brukt for å byta om for- og bakgrunnsfargane. Nedre til venstre for dette ikonet, under blokka med forgrunnsfarge, finn du to små firkantar som overlappar kvarandre. Den eine svart, den andre kvit. Klikkar du på desse, vert forgrunnsfargen til svart og bakgrunnsfargen til kvit.
Fargeplukkaren opererer heilt ulikt den vanlege fargeplukkaren. I staden for å henta farge berre frå det gjeldande biletet, kan denne henta farge frå heile skjermen.
Ulempen er at du får fargar etter at dei vart handsama i fargestapelen for heile systemet, særleg fargestyringa. Dette betyr at dei resulterande fargeverdiane kan enda opp annleis enn dei som vert returnerte av fargeveljarverktøyet når du plukkar farge frå lerretet. Det er opp til deg å ta eit fornuftig val av kva fargeveljar du skal bruka.
Dette er eit tekstfelt med seks teikn. Sjå HTML-notasjon. Du kan også bruka CSS-nøkkelorda. Skriv den første bokstaven i eit (engelsk) fargenamn for å få fram fargelista med nøkkelorda:
Ved å høgreklikka i HTML-tekstboksen, vil du få opp ein sprettoppmeny der du kan redigera innskrivinga. Hovudsakleg vert denne nytta til å lima inn komplekse innskrivingar du har kopiert frå ein annan stad.
12 knappar som viser dei sist brukte fargane. Du kan velja farge ved å trykkja på ein av desse knappane, eller leggja gjeldande for- eller bakgrunnsfarge til lista.