I dette dialogvindauget får du umiddelbar informasjon om posisjonen til musemarkøren og kanalverdiane i den valde fargemodellen for den pikselen det vert peika på.
Dette er eit dokkpanel som kan limast inn i andre dokkpanel. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogvindauge og dokkpanel».
Du har tilgang til det:
frå biletmenyen via
→ → .from the Tab menu in any dockable dialog by clicking the tab menu button and selecting → .
Viser posisjonen til pikselen det vert peika på i x-koordinat (horisontalt) og y-koordinat (vertikalt) med det øvre, venstre hjørnet som utgangspunkt (0,0).
Viser koordinata i tommar.
Denne informasjonen er slått på når det finst eit utval. X og Y er koordinata for det øvre, venstre hjørnet for rektangelet som omgir både rektangel- og ellipseutvala. H og B er høgda og breidda for denne boksen.
Denne informasjonen finst også for andre utval, men er av liten interesse og avgrensingsboksane er ikkje synlege.
Informasjonen om utvalet vert ikkje endra om du brukar eit anna verktøy, men koordinata for peikaren vert endra.
Kanalverdiane for den valde fargemodellen er viste nedanfor. Begge nedtrekksmenyane inneheld dei same vala slik at du lett kan samanlikne fargeverdiane for ein bestemt piksel i ulike fargemodellar. «Hex» er HTML-notasjonen for pikselfargen. Vala i nedtrekksmenyane er:
Kanalverdien i RGB. Dette valet viser pikselverdiane for kvar av fargane raud, grøn, blå og alfa som tal mellom 0 og 255.
Kanalverdien i RGB. Dette valet viser pikselverdiane for kvar av fargane raud, grøn, blå og alfa som prosent og som heksadesimal.
Kanalverdien i HSV. Dette valet viser pikselverdiane for kvar av fargane raud, grøn, blå og alfa som prosent.
Kanalverdien i CMYK. Dette valet viser pikselverdiane for kvar av fargane raud, grøn, blå og alfa som prosent.
If you enable this option, sampling is not calculated only from the values of the active layer, but from all visible layers.
For more information, see the Glossary entry.